Hopp til innhold

Stortap for Hødd mot Tromsø

Det blei baklengsmål på baklengsmål for Hødd på Alfheim stadion i kveld. Heimelaget Tromsø slo til med 5 mål mot Hødd sine 0.

Hødd

Arkivfoto. Stortap for Hødd mot Tromsø måndag kveld.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

Det blei ein tøff kveld for Hødd i den 24. serierunden i førstedivisjon i kveld. Tromsø ga ikkje ved dørene, med banka inn 5 mål mot gjestane før dommaren blåste i fløyta.

2-0 til pause

Det var langt frå nokon reprise frå møtet på Ullevål for knappe to år sidan, då Hødd tok med kongepokalen heim etter kampen mot Tromsø. I dag var heimelaget absolutt storebror og viste seg langt sterkare enn konkurrenten alt frå start.

Stillinga ved pause var 2-0, men ut i den andre omgangen gjekk det heilt gale for gjestane frå Ulsteinvik. I løpet av nokre få minutt rann måla inn og stillinga endte altså 5-0.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL