Hopp til innhold

Hødd tapte kampen mot KFUM

Hødd tapte søndag det som i følgje sport og utviklingsleiar i Hødd, Geir Hansen, var årets viktigaste kamp.

hødd strømmen

Sola skin på Høddvoll i dag. Humøret er godt, men kampen mot KFUM bør dei vinne.

Foto: magnus gamlem

Hødd har tatt 11 poeng på 11 serierundar. Geir Hansen som har hovudansvar for trenarane i Hødd fortel om korleis dei har jobba den siste tida.

– Vi er kritiske til kvarandre. Vi legg ingenting imellom. Vi pratar saman kvar dag om kampane og kva vi skal jobbe med. Det er viktig når det buttar imot, seier Geir Hansen.

Han meiner dagens kamp varr årets viktigaste. Det meiner han forøvrig om alle kampar. I dag håpte han å sjå igjen litt av det dei har trena på den siste veka i spelet på bana.

Nedjusterer måla for sesongen

Han var førebudd på både gode og mindre gode resultat før årets sesong.

Geir Hansen

-Vi jobbar knallhardt saman for å lykkast på bana, seier Geir Hansen i Hødd.

Foto: Solum, Stian Lysberg, Stian Lysberg Solum / NTB scanpix

– Ein må vere førebudd på alt i fotball. Det kan gå alle vegar. Vi har nok vore førebudd både på å ligge i topp og i botn. Vi har eit mål for sesongen om å kjempe om playoff i alle fall. Altså. Vi vil vere blant dei seks beste. Men no må vi nok nedjustere måla litt. Akkurat no er målet vinne nok kompar til å kome opp på øvre halvdel av tabellen. Og då bør vi vinne i dag, seier ein engasjert og fokusert Geir Hansen.

–Kva må til for at de skal vinne i dag?

– Vi spelar mot eit lag som er ganske like oss. Vi må rekne med å ikkje ha ballen så mykje som før. Vi må ha eit godt og aggressivt forsvarsspel. Vi vil kontre. Og spele når vi ikkje kan kontre. Vi vil vinne dødbalsituasjonane.

–Vil du tippe utfallet?

–Eg håper på ein knallsterk 2–0 siger, seier Hansen til NRK før dagens kamp.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..