NRK Meny
Normal

- Dette var ein av dei store Hødd-dagane

Nyopprykka Hødd slo eliteserie-kandidat Bodø/Glimt 3-0 på Høddvoll søndag. Hødd storspelte, medan Bodø/Glimt ikkje såg ut som nokon kandidat for eliteseriespel.

Video Sammendrag Hødd - Bodø/Glimt

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Det blei ein klar siger. Siffera 3-0 talar eit tydeleg språk. Dei som såg kampen kunne også fastslå at Hødd låg ein god klasse over Bodø/Glimt når det galdt spelet på banen.

Korleis går det med Hødd i årets serie? Skriv meininga di i kommentarfeltet. Bli også med på den uhøgtidlege avstemminga.

Adama Diomande

Adama Diomande ga Hødd 3-0-leiing med eit flott brasse-spark.

Foto: Arne Flatin / NRK

– Dette var ein av dei store Hødd-dagane i mi karriere som både spelar og trenar, seier assistenttrenar i Hødd, Sindre Eid til NRK.

– Dette ga oss sjølvtillit

Denne søndagskvelden var Hødd klart betre enn Bodø/Glimt. Hødd var prega av langt større presisjon enn Bodø/Glimt, og oste av vilje til å vinne kampen.

– Dette ga oss sjølvtillit, entusiasme og inspirasjon til å gå inn i ei ny treningsveke. Så er det ny kamp mot Hønefoss til helga. Og i dag var vi gode, seier Eid.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Super Diomande-brasse

Hødd kunne eigentleg berre roe heilt ned, og sikre sigeren. Men Hødd heldt koken oppe, og la Bodø/Glimt under press også mot slutten av kampen. På overtid fekk Hødd frispark like utanfor 16-meteren.

Etter litt klabb og babb fekk Hødd-spelar Adama Diomande tak i ballen, med ryggen mot mål. Han satsa alt på eit vellukka brassespark. Og vakrare mål skal ein leite lenge etter. Ballen susa i mål, og han auka Hødd-leiinga til 3-0.

– Dette var prikken over i-en. Det var prikken over i-en på ein stor dag. Det var ein fantastisk prestasjon av Diomande. Dette er slikt han kan finne på å gjere av og til, seier Eid.