Hopp til innhold

Ulland Andersen til Hødd

Hødd har sikra seg den 20 år gamle Vard Haugesund-spelaren Eirik Ulland Andersen ut sesongen.

Eirik Ulland Andersen

Eirik Ulland Andersen (t.v.), signerte i dag med Hødd ut sesongen. Her er han i duell med Stabæks Vegard Hedenstad i eliteseriekampen mellom Haugesund og Stabæk for to sesongar sidan.

Foto: Ness, Jan Kåre / NTB scanpix

Den 20 år gamle Vard Haugesund-spelaren Eirik Ulland Andersen, som kan spele både på høgre og venstre kant, har signert kontrakt med Hødd ut 2013 i fyrste omgang.

Ulland Andersen har spelt 14 kampar, og skåra fire mål, for fyrstedivisjonsklubben Vard Haugesund i år.

– Ung, spanande spelar

Sportssjef i Hødd, André Nevstad, ser fram til å sjå den unge nysigneringa i aksjon.

– Eirik er ein ung spanande spelar som passar godt inn i vår profil. Han kan spele både på høgre og venstrekant, og har ein veldig presis høgrefot, seier André Nevstad.

Nysigneringa får sjansen til å vise seg fram allereie på ettermiddagens Hødd-trening.



SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL