Hopp til innhold

Hødd måtte gi tapt for Sandefjord

Nyopprykka Hødd var utan tap i årets 1.divisjonssesong. Heilt til dei møtte Sandefjord.

Hødd jubel

Hødd har hatt mykje å juble for i år. Dei har ikkje tapt ein einaste kamp i årets 1.divisjon.

Foto: Arne Flatin / NRK

Nyopprykka Hødd klarte ikkje å halde på den gode driven dei var inne i i år, og måtte sjå seg slått av Sandefjord i dag.

Hødd hadde tilgode å tape så langt i år og har imponert mange. Sandefjord på si side var ein av opprykksfavorittane, men stod med berre ein siger på seks kampar. Etter dagens kamp mot Hødd tok dei sin andre.

Dimitriadis sendte heimelaget i leiinga etter ein halvtimes spel. Den scoringa skulle vise seg å vere avgjerande.

Slik var kampen:

8: Ahmed vert felt like utanfor 16-meteren og Hødd får frispark i god posisjon.

9: Sandal treff brukbart, men skotet går rett på keeper.

10: Ahmed slår eit smart innlegg mellom stopparane og keeperen til Sandefjord, men Austbø er med på notane og held ballen sikkert. Hødd har teke meir over no.

12: Victor Demba Bindia (Sandefjord) fell Erik Sandal og får gult kort

20: Stokke vert heldt igjen og Sandefjord får frispark midt inne på Hødd sin halvdel. Bindia tek frisparket, men keeper er ute og boksar unna.

24: Bindia lempar eit frispark inn i feltet, men Magnusson får ikkje dreisen på headinga. Dimitriadis vinn tilbake ballen ute på høgresida og skaffar Sandefjord nok eit frispark.

25: Brix tek frisparket, men Klock headar unna.

26: Bra moglegheit for Hødd! Ahmed skyt frå 20 meter og Austbø må gi retur. Torset er våkent frampå, men Austbø reddar igjen. Linjemannen har riktinok vore oppe med flagget og signalisert at Torset var i offside.

28: Sandefjord får frispark i god skotposisjon og Gulsvik gjer seg klar. Skotet går via ein spelar og til corner for heimelaget.

29: Kristian Brix (Sandefjord) tek hjørnesparket. Stor moglegheit for Magnusson. Han vinn duellen inne i feltet, men headinga vert stoppa på streken.

31: 1- 0 til Sandefjord. Panajotis Dimitriadis (Sandefjord) skaffar seg rom inne i feltet og headar heimelaget i leiinga.

45: Stor moglegheit for Gulsvik! Han kjem ålene med keeper, men set ballen ein meter utenfor frå litt spiss vinkel. Der burde det stått 2-0.

PAUSE


49: Målsjanse (Sandefjord): Brix set fart og finn Gulsvik med ei smart pasning. Spissen får ei god moglegheit, men nok ein gong brenn Gulsvik ein god sjanse.

60: Gult kort: Espen Nystuen (Sandefjord).

62: Stor moglegheit for Gustavsen! Dimitriadis legg inn, men innbyttaren bommar idet han skal breiside ballen i mål.

66: Målsjanse (Sandefjord): Brix vert spelt fri og kjem åleine med keeper frå litt spiss vinkel. I staden for å avslutte sjølv prøvar han å finne Stokke på bakerste stolpe, men pasninga vert litt for upresis. Heimelaget nærmar seg 2-0 no!

68: Målsjanse (Sandefjord): Stor moglegheit for Sandefjord igjen! Brix kjem seg til dødlinja, men avslutninga frå Dimitriadis vert blokkert.

73: Corner: Sivert Heltne Nilsen (Hødd). Moltu brenn til på direkten, men skotet går over.

82: Corner: Sivert Heltne Nilsen (Hødd). Sandefjord får heada unna.

85: Gult kort: Adama Diomande fell Sohna og får gult kort.

90: Raudt kort: Victor Demba Bindia (Sandefjord). Bindia får sitt andre gule kort for å drøye ut tida, og vert dermed utvist.

Lagoppstillinga til Hødd:

1. Ørjan Håskjold Nyland
5. Fredrik Klock
17. Ørjan Engen Grimstad
2. Steffen Moltu
22. Akeem Latifu
15. Bendik Torset
16. Sivert Heltne Nilsen
7. Erik Sandal
13. Ruben Kenneth Brandal
14. Adama Diomande
11. Kazeem Ahmed

Lagoppstillinga til Sandefjord:

1 Iven Austbø
4 Victor Demba Bindia
8 Espen Nystuen
16 Peter Magnusson
3 Martin Jensen
7 Panajotis Dimitriadis
5 Kenneth Dokken
15 Ebrima Sohna
6 Kristian Brix
10 Fredrik Gulsvik
14 Benjamin Stokke