Lars Ivar Moldskred skriv på nettsida si at han har fått skade i menisken i venstrefoten. Bakre del har fått ei rift, noko som betyr operasjon etter sesongslutt, så sant det held inn då.
Mykje hardtrening i vinter
Han har gjort tilsvarande før, så dette ser Moldskred ikkje mørkt på. Han må rekne med eit opphald frå fotball på 2-4 veker. Dette betyr mykje fysisk trening til vintaren. Framover til ein operasjon vil han bruke mykje tid på sykling.
Dette er den same operasjonen som lagkaptein Andre Nevstad nettopp har hatt.