Hopp til innhold

– Dersom alle gir alt kan Hødd vinne i kveld

Med 13 000 på tribunen skal Hødd i kveld spele ein historisk kamp mot Aktobe i Kasakhstan.

Hødd - Aktobe

I kveld er det returoppgjer mellom Hødd og Aktobe i Kasakhstan. Biletet er frå kampen på Høddvoll.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix

Følg kampen her i kveld kl 18

Aktobe-Hødd

Det har vore stor interesse for kampen og folk har overnatta i kø for å få tak i billettar.

Foto: Kjetil Henningsen

Kveldens returoppgjer i Europaligaen mellom Hødd og Aktobe frå Kasakhstan.
vart utseld på ein augeblink. Folk skal ha overnatta i kø for å få fatt i billettar. Dagleg leiar i Hødd, Andre Nevstad, seier at interessa for kampen er stor.

– Å kome frå Hødd å spele europacup på bortebane er ein milepæl i klubben si historie, seier Nevstad.

LES OGSÅ:

Knalltøff kamp

André Nevstad

André Nevstad veit at kapme vert knalltøff, men trur at Hødd skal ha gode sjansar,

Foto: Arne Flatin / NRK

Han veit at kveldens kamp vert knalltøff, men Hødd har eit godt utgangspunkt etter at dei vann 1–0 på heimebane førre kamp. Nevstad har tru på at Hødd kan vinne i kveld dersom alle gir alt.

– Dersom alle presterer opp mot toppnivå, og treff godt med kampstrategien kan det gå vår veg, seier Nevstad.

Scorar Hødd eit mål, må Kasakhstan score tre.

Fekk ikkje visum

At to av spelarane, Sivert Heltne Nilsen og Akeem Latifu ikkje fekk visum inn til landet, kan dei ikkje bruke energien på no. Laget har budd seg til kampen så godt dei kan i sommarvarmen.

– Vi hadde ein god dag i går med trening og godt med mat. Spelarane fekk gjort seg kjent med varmen og stadion, seier Nevstad.

LES OGSÅ:

Måtte kjøpe nye sko

Litt dramatikk har det vore for enkelte. Midtstoppa Steffen Moltu har vore på panisk jakt etter nye fotballsko i Kasakhstan. To av knottane på fotballskoa hans rauk under treninga i går og dermed måtte han ut å gjere hasteinnkjøp. Men fotballsko er det visst ikkje flust av i byen.

– Adidasbutikken hadde berre eitt par sko med knottar. Seljaren ville lure på meg eit par med innesko, men eg let meg ikkje lure, ler Moltu.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL