Hopp til innhold

Nevstad: – Vi må nok ta meir enn tre poeng på dei fire siste

I augneblinken er målforskjell grunnen til at Hødd er på sikker plass. Cupfinalisten har fire knalltøffe kampar igjen. Først ut er Sarpsborg 08.

Hødd brann Andre nevstad

Her jublar André Nevstad etter cuptriumfen mot Brann i september. No bit han neglar når Hødd kjempar hardt for å unngå nedrykk.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix

– Seks poeng trur eg skal halde, seier Hødd-nestor André Nevstad før møtet med tabelltoar Sarpsborg 08.

Klisjeane «skjebnekamp», «kvar kamp er ei cupfinale» og «kniven på strupen» passar godt opp mot Hødd for tida.

Laget som spelar cupfinale mot Tromsø 25. november, snudde ein grufull sesongstart til ein god haustsesong.

Likevel heng nedrykksspøkelset tjukt over laget frå Ulsteinvik.

Det heng mykje saman med kampprogrammet.

Har slått tabelltoaren to gonger før i år

Med fire kampar igjen skal Hødd spele borte i tre av oppgjera. I kveld ventar altså Sarpsborg 08 – i Sarpsborg.

– Det blir ein knalltøff bortekamp, mot eit lag som kjempar om opprykk til Tippeligaen. Samtidig har vi slått dei to gonger på heimebane før i år, slår Nevstad fast.

2–1. Det blei resultatet mot Sarpsborg 08 både i NM og i Adeccoligaen, begge oppgjera på Høddvoll.

– Så på ein god dag er alt mogleg, meiner Nevstad.

André Nevstad

Nevstad er tidlegare storspelar for Hødd. I dag er han dagleg leiar.

Foto: Arild Pettersen / NRK

– Halvt poeng fordel

Kampen mot Sarpsborg 08 er ein utsett kamp. Det tre resterande kampane for Hødd går mot Ull/Kisa (borte 28. oktober), Sandefjord (heime 4. november) og Bodø/Glimt (borte 11. november).

– Vi, Tromsdalen, Strømmen og Bryne kjempar for å unngå den siste nedrykksplassen. Og det er «close race» no.

I augneblinken ligg Strømmen på den siste nedrykksplassen, men med same poengsum som Hødd. Begge har 31 poeng, medan Tromsdalen har 32 og Bryne 34 poeng.

– Strømmen har også ein utsett kamp, borte mot Mjøndalen neste onsdag, fortel André Nevstad til NRK.no.

– Tidlegare har det vore sagt at det held med under 35 poeng. Kor mange poeng trur du Hødd må ha no?

– Vi må nok ta meir enn tre poeng. Om fire poeng er nok står igjen å sjå, men vi har eit halvt poeng fordel sidan vi har betre målforskjell enn Strømmen og Tromsdalen. Med seks poeng er vi berga, meiner Nevstad.

Pål Andre Helland

Pål André Helland avgjorde då Hødd slo Sarpsborg 08 i 3. runde av NM. Han har vore ein av Hødd sine viktigaste spelarar i år.

Foto: Jan Kåre Ness / NTB scanpix

Må ta poeng denne veka

På papiret er ikkje borte mot Sarpsborg 08 og Ull/Kisa kampar der Hødd skal ta poeng. Det meiner Nevstad dei må denne veka.

– Poenga kan kome i dag, og poenga kan kome til helga. Det er to bortekampar, og det bør bli poeng.

– Men på måndag kan vi sitje igjen med to kampar og «status quo». På slutten av ein lang sesong kan det kome mange overraskande resultat, seier den daglege leiaren i Hødd.

Litt overraskande er det nok at både Strømmen og Tromsdalen har to sigrar på sine tre siste kampar.

– Vi kan derimot ikkje gjere anna enn å fokusere på éin kamp om gongen. Vi håper det blir nok poeng til slutt, reknestykket må gjerast opp 11. november.

– Ikkje krise med nedrykk

– Men eg skulle gjerne vore utan situasjonen vi er i no, og det synest dei fleste i Hødd. Fleire poeng hadde vore greitt, seier Nevstad.

– Likevel: ser vi tilbake på før i år, og til byrjinga av juni, så trudde nok alle at vi var på veg ned i 2. divisjon. Situasjonen no er bra den, sett opp mot situasjonen då.

Nevstad har vore med på både opp- og nedturar i Hødd, både som spelar og dagleg leiar. Han trur klubben enda på rett side denne gongen.

– Vi taklar situasjonen på ein god måte.

– Er det krise dersom Hødd rykkjer ned?

– Nei, det er det ikkje. Hødd har vist før at dei kjem tilbake, men no gjer vi alt for å halde plassen. Vi skal vise at vi fortener plassen i neste års Adeccoliga, avsluttar Nevstad.

Hødd

Her jublar Hødd etter siger i NM-semifinalen. Både spelarar og trenarar har vore klar på at finalen blir eit antiklimaks visst Hødd rykker ned.

Foto: Arne Flatin / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL