Hala i land framleis opprykkshåp

To minutt før full tid heada Ull./Kisa ballen i tverrliggjaren, før den landa midt på målstreken. Like etter punkterte Hødd kampen til 2–0 og ny heimesiger.

Lars Arne Nilsen

Lars Arne Nilsen og Hødd kunne juble for nye tre poeng då Ull./Kisa vitja Høddvoll søndag. Her frå Europacupkampen tidlegare i år.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix

– I utgangspunktet skal Ull./Kisa heime vere tre poeng, uansett. Men i den situasjonen dei er i (siste nedrykksplass) og med forholda på Høddvoll, blei det tøffare, seier Andreas Rekdal til NRK etter kampen.

– Det låg i korta at enkeltmannsprestasjonar ville avgjere, la han til.

Gjenerobra Høddvoll

Høddvoll har i fleire tiår vore kjent som ei vanskeleg bortebane, men i sommar gjekk blåtrøyene på tre heimetap på rad. Det er no gløymt – for lengst.

Sigeren over Ullensaker/Kisa blei den fjerde heimesigeren på rad for Hødd. På sine siste seks kampar har Hødd no plukka 13 av 18 moglege poeng.

Det gjer at Hødd no er svært godt med i kampen om ein kvalikplass, i tillegg til at dei trugar Stabæk på andreplass – direkte opprykk.

Akkurat den posisjonen blei sikra og fornya med 2–0 mot Ull./Kisa søndag. Og enkeltprestasjonane blei avgjerande.

Andreas Rekdal

Andreas Rekdal scora 1–0 for Hødd.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

Susar frå returrom

Hødd måtte klare seg utan Joachim Magnussen denne søndagen, men inn kom ein spelelysten Andreas Rekdal. I det 26. minutt noterte han seg verkeleg.

Eit langt innkast frå Jonas Ingebrigtsen blei stussa vidare inn mot mål av Hødd-midtstoppar Jesper Törnqvist. Ull./Kisa fekk så berre delvis klarert, og i returrommet venta Rekdal. Larsnesingen var ikkje nådig, og banka inn 1–0 for Hødd.

– Eg trefte bra med skotet mitt, og så hadde Eirik eit flott frispark som han skrudde perfekt over muren, kommenterte Rekdal.

1–0 stod seg til pause – fortent nok for blåtrøyene.

Marginane på Hødd si side

Ull./Kisa var hakket kvassare etter kvilen, og pressa på for utlikning i Ulsteinvik. Før kampen låg laget på den siste nedrykksplassen, og dei treng sårt poeng for å halde plassen i 1. divisjon.

Eirik Ulland Andersen

Eirik Ulland Andersen har bakgrunn frå Haugesund og Vard Haugesund. Han gjekk til Hødd i sommar.

Foto: Ness, Jan Kåre / NTB scanpix

Men som ofte med lag i motvind blei det berre nesten for Ull./Kisa. Nærast var dei i det 88. minutt.

Eit frispark blei slått inn frå venstresida, og frå langt bak i feltet var bortelaget høgst. Ei glimrande heading, skrått 10 meter frå mål, gjekk forbi Hødd-keeper Andreas Rekdal. Ballen trefte tverrliggjaren, gjekk rett ned på målstreken, før Hødd til slutt fekk klarert.

Marginar mot og udyktigheit frå bortelaget, klinisk frå Hødd.

Berre to minutt seinare fekk nemleg heimelaget frispark på 20 meter, og Hødd-ving Eirik Ulland Andersen avslutta perfekt: Over muren, hardt, velplassert og ballen i nettet i keeperhjørnet til 2–0.

– Blir tøft

– No har vi tidenes sjanse til å gå heile vegen. Det er så jamt, og akkurat no handlar det om stabilitet. Ser ein på terminlista skal det vere overkomeleg motstand, men det skrur seg på mot slutten og laga hentar fram dei siste kreftene, seier Rekdal.

Likevel meiner han Hødd i alle fall bør klare éin av fire kvalikplassar (3. til 6. plass).

– Eg trur ikkje vi kjem til å rundspele noko lag dei siste seks rundane. Det blir tøffe kampar heile vegen inn og vi må gjere jobben, avslutta larsnesingen.