Hødd opna veldig bra og scora først ved Tommy Sylte etter eit nydeleg framspel. Hødd fekk ei ganske billeg straffe som Geir Televik sette rett på keeper, men returen heada han rutinert i mål. Dermed hadde Hødd på nytt 2-0 leiing. Akkurat som i heimekampen Moss som enda 2-2, og bortekampen mot Hønefoss der Hødd til slutt tapte 4-2. Og 4-2 vart det også til Haugesund på Høddvoll. Heilt umarkert kunne laget frå Rogaland utlikne før pause. I 2.omgang scora dei to mål. Det siste kom på årets billegaste straffe. Dommaren var svært svak, utan at Hødd kan skulde på den svartkledde.
To viktige kampar
901 tilskodarar var møtt fram i solskinet på Høddvoll, men det spørst kor mange som tek turen tilbake neste søndag når botnkollega Bærum er motstandar. Før den tid vert det eit anna botnoppgjer på bortebane mot Alta. Hødd er framleis under streken etter kampane søndag, og har skuffa stort så langt i sesongen.
1. divisjon fotball menn søndag:
Hødd Haugesund 2-4 (2-2)
Høddvoll
901 tilskuere
Mål: 1-0 Tommy Sylte (12), 2-0 Geir Televik (16), 2-1 Rune Wiken (19), 2-2 Jostein Grindhaug (21), 2-3 Christian Grindheim (64), 2-4 Grindhaug (str. 82).
Dommer: Rune Nordby, Tveita.
Gult kort: Georg Aursnes, Stig Haugland, Geir Televik, Jan Egil Tryggestad, Hødd.