Hopp til innhold

Hødd og Ranheim delte poenga

Hødd er framleis med i kampen øvst i tabellen. I dag tok dei imot Ranheim heime på Høddvoll.

Sindre Eid

Hovudtrenar i Hødd, Sindre Eid, seier det blir viktig å plukke poeng i dei komande kampane.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Kampen endte 1-1. Først score Robert Stene for Ranheim. Deretter utlikna Joakim Wrele for Hødd. Begge scoringane kom i første omgang.

Laster innhold, vennligst vent..

Før kampen:

Førre gong dei to laga møtt enda det med 4–1 siger til trønderane. Sindre Eid, hovudtrenar i Hødd, ventar ein tøff kamp, men håpar å kunne ta sigaren på heimebane i kveld.

– Vi møter eit lag som har spelt svært godt i det siste. Det blir ein tett og jamn kamp der dei små detaljane blir avgjerande. Så får vi håpe at oddsa fell i vår favør, seier han.

– I dag må spelarane vere offensive, spele smart og gle seg til kamp, held han fram.

Viktig å plukke poeng

Hødd ligg no på ein fjerdeplass på tabellen med 40 poeng. Det er berre tre poeng bak Brann og Kristiansund BK som ligg på tredje- og andreplass bak serieleiar Sogndal med 49 poeng.

– Vi har seks viktige kampar framfor oss, og den første av dei er i dag, så det er klart vi er spent, seier Eid.

Hovudtrenaren seier at fokuset ligg på dagens kamp, men at tabellplassering også blir viktig i tida framover.

– Akkurat no er vi i ein god posisjon til å nå klubben sitt mål om ein playoffplass. No handlar det om å plukke så mange poeng som mogleg, og så får vi telje opp til slutt. Alt er mogleg no, seier Eid.

Laster innhold, vennligst vent..