Hopp til innhold

- Vi var desverre ikkje på nett i dag

Trass i at Hødd låg 10 plassar framføre Løv-Ham på tabellen før kampstart, klarte dei ikkje å halde bergensarane på avstand.

Video Sammendrag: Hødd - Strømmen 19.06.11
Foto: Nyhetsspiller

Stillinga var 1–1 til pause, men etter 90 spelte minutt vart det reine målfeste, og det enda til slutt 3–4 til Løv-Ham.

– Rett og slett ein dårleg kamp

Trenar for Hødd, Lars Arne Nilsen, var ikkje nådig i kritikken etter kampen.

– I dag har vi hatt en dårleg kamp, rett og slett. Vi taper eigentleg fortent mot Løv-Ham. Dei ville meir enn oss! Vi klarte ikkje kome opp på det nivået vi har vore på tidlegare, så då tapte vi, dessverre, seier Nilsen.

– Må tette igjen bak

Hødd-trenar Lars Arne Nilsen

Trenar for Hødd, Lars Arne Nilsen.

Foto: Arild Pettersen / NRK

På spørsmålet om kva som gjekk gale under søndagens kamp, har trenaren ei lang liste:

– Vi gjer mykje rart. Vi manglar rytme, vi manglar flyt, vi gjer mange rare val og vi slepp inn håplause mål på personlege feil.

Nilsen meiner tre mål på heimebane burde halde.

– Men dessverre lekk vi bak for tida, så vi må tette igjen.

Utan sentrale spelarar

Verken Fredrik Klock, Sivert Heltne Nilsen, Vegard Heltne, Dag Roar Ørsal eller Kazeem Ahmed var med under dagens kamp. Blant anna er ein er seld, ein er ute med langtidsskade og ein hadde karantene i dag etter tre gule kort.

– Hadde litt spesiell veke, men det skal ikkje vere ei unnskyldning. Men det kan ha hatt noko å seie for flyten i spelet vårt. Eit nytt lag brukar alltid litt tid å finne rytme og relasjonar, og det hadde vi ikkje i dag, fortel Nilsen.

Trenaren fryktar òg at enkelte av spelarane kanskje ikkje såg på tabelljumbo Løv-Ham som ein så stor utfordrar som dei eigentleg var.

– Vi hadde forventa ein tøff kamp, men det er det ikkje sikkert alle gjorde det. Løv-Ham har spelt bra i det siste. Dei hadde uavgjort mot HamKam borte og ein god kamp mot Mjøndalen sist.

Treng to sigara

Det var ei stund snakk om opprykk for Hødd, men det er no lagt på hylla.

– Topptoget kan vi sjå langt etter, seier Nilsen.

For å behalde plassen i Adeccoligaen treng Hødd to sigrar til.

– Vi må prøve å ta dei sigrane vi treng for å berge plassen. Det skal vi arbeide hardt for, seier trenaren bestemt.

– Held vi fram med å spele slik vi har gjort tidlegare i år så skal vi klare dei kampane vi treng. Det er eigentleg berre i dag vi har underprestert. Av og til får vi dårlege kampar i fotball og den kom i dag, fortel Nilsen.


SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL