NRK Meny
Normal

Ho vil endre lova om barnebortføring

Saka med sjuåringen som forsvann frå bowlinghallen i Molde, kan no få juridisk etterspel.Jenny Klinge (SP) vil ha lova endra.

Jenny Klinge

Det som skjedde med sjuåringen i Molde, har gjort det tydleg at lova ikkje gir akuttplasserte barn godt nok vern mot bortføring, meiner Jenny Klinge.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Jenny Klinge og Senterpartiet meiner det ikkje held mål at born som er akuttplasserte av barnevernet framleis skal reknast for å vere under omsorga til foreldra.

– Desse borna som er særleg sårbare, skal ikkje ha dårlegare vern mot å bli bortførte enn andre born. No kjem eg til å stille spørsmål til justisministeren over helga om regjeringa arbeider for å få endra lova på dette punktet. Er dei ikkje i gang med dette, kjem eg til å fremje eit eige lovframlegg, seier Jenny Klinge til NRK.

Det er Høgsterett som har bestemt at lova skal vere slik.

Dårlegare rettsvern

Ho kjem sjølv frå Surnadal, og har følgt nøye med på saka om sjuåringen i Molde som forsvann frå bowlinghallen tidlegare denne veka.

– Dei som gjer slike handlingar må kunne stillast til ansvar. Det skjer ikkje i dag, seier Klinge.

Ho meiner saka i Molde har tydeleggjort at lova ikkje er dekkande og god nok.

Dette er noko vi er nøydde å gripe fatt i, og sørge for at lovverket blir betre, seier Jenny Klinge.

Guten som var sakna i Molde, blei seinare funnen att saman med ein slektning.

Både slektningen og mora til guten blei arresterte av politiet. Men politiet konkluderte med at det ikkje var grunnlag for straffesak mot dei om barnebortføring.