Ho viderefører ein 500 år gamal tradisjon

Husa på tunet til Marita Bett Aakre på Bjørke i Hjørundfjorden i Ørsta har vore i familien sidan slutten av mellomalderen. I løpet av dei siste ti åra har ho restaurert og skapt nytt liv i husa. Søndag fekk ho nasjonalt formidlingsstipend frå Kulturminnefondet.

Marita Bett Aakre framfor sauefjøsen på Bakketunet.

Marita Bett Aakre framfor sauefjøsen på Bakketunet.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

Tildelinga gjekk føre seg i samband med eit arrangement på Bakketunet med kunstutstillingar og foredrag søndag ettermiddag.

–Det er flott at ei ung jente har valt denne vegen og vi har tru på henne også i tida framover. Derfor ønskjer vi å gjere vårt for å inspirere til vidare innsats, seier Simen Bjørgen frå Kulturminnefondet.

Kvart år delar Kulturminnefondet ut eit formidlingsstipend til dei som set fokus på å bevare kulturarven. Det har aldri vore så mange søkjarar som i år.

LES OGSÅ: Vil ha bedre oversikt over kulturminner

LES OGSÅ: Vigramasta kan bli bevart

Bakketunet på Bjørke i Ørsta

Bakketunet har tre bygningar som er cirka 500 år gamle.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

Pris til Bakketunet

Utdelinga frå Kulturminnefondet var todelt. I tillegg til at Marita Bett Aakre har fått formidlingsstipend har ho også fått 160.000 kroner til restaurering av det gamle sauefjøset, som skal bli kunstgalleri.

– Er det ikkje fantastisk? seier ho entusiastisk.

Ho har planen klar for korleis ho no vil gå fram med restaureringsarbeidet.

–Vi skal skifte ut rotskada material og i samband med det vil vi lære vidare gamle handverkstradisjonar, seier ein glad prisvinnar til NRK.

Og det er meir å gjere

–Målet er å få tatt i bruk alle bygningane på tunet, og dette er eit steg vidare i den prosessen.

Eit unikt gardstun

Bygningsantikvar Christ Allan Sylthe

Bygningsantikvar Christ Allan Sylthe er imponert over måten husa på Bakketunet har blitt bevart på.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

Bygningsantikvar Christ Allan Sylthe fortel at dette er eit anlegg i særklasse med tre automatisk freda bygningar.

–Tre av bygningane er rundt 500 år gamle og noko slikt finst ikkje andre stadar her i fylket.

Sylthe fortel at husa er prov på ein særeigen byggeskikk ein ikkje ser så mange andre stadar. Han synest og det er unikt at bygningane har vore i same familie i 500 år og at det har vore gjort veldig få endringar på bygga.

Spanande og berekraftig bruk av gamle bygningar

Etter fleire år med restaureringsarbeide opna eigarane tunet for besøkande sommaren 2010. Sidan den gong har meir enn 4000 menneske vitja tunet der ein og kan oppleve kunstutstillingar integrert i tunet sitt miljø. Kvart år presenterer tunet nye hovudutstillingar med utøvande kunstnarar, og kvar søndag er det på plass ein ny handverkar i kammerset som viser unike kunst- og handverksprodukt.

Formidling på Bakketunet

På Bakketunet vert det formidla mykje verdifull kunnskap.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

Marita Bett Aakre får honnør for å skape eit levande tun og ho meiner det er heilt naturleg at ho no skal drive arven etter forfedrane sine vidare.

–Min første ide var å lage eit kunstgalleri i kufjøsen. Etter kvart som eg har jobba her på tunet har eg fått stadig meir kunnskap om mine forfedrar og deira levesett. Det har blitt meir og meir naturleg for meg å formidlen den delen også. Forferdrene mine har drive denne garden i 500 år og no vil eg gjere mitt for å vise litt av historiene og livet som sit i veggane her, seier ein glad prisvinnar til NRK.