Hopp til innhold

Selde huset for å gå på fjellet i eit år

Ho og ektemannen kvitta seg med hus og heim for å leve ute i eit heilt år. I morgon fortel ho om turen på Bjørnsonfestivalen og snart kan du sjå turen deira på NRK1.

Dama vi skal møte no - selde huset, og tok med seg ektemannen på ein fjelltur som varte i eit heilt år.
No er ho heime for å fortelje om ekspedisjonen sin på Bjørnsonfestivalen i morgon - og på tirsdag får vi bli med på turen gjennom serien Eventyrjenter her på NRK.

Elise Theoline Skagøy frå Bud angra ikkje i det heile tatt på at ho selde huset og reiste i fjellet. Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen.

Elise Theoline Skagøy frå Bud tok med seg ektemannen Andreas frå Ålesund for å bu ute i naturen. Etter eit år er dei no heime for å fortelje om ekspedisjonen.

Det skal dei gjere på Bjørnsonfestivalen i Molde i morgon – og på tysdag får vi bli med på turen gjennom serien Eventyrjenter på NRK.

– Eg har ikkje angra i det heile tatt. Det har vore eit eventyr utan like, seier ho.

Sakna familien

Elise Theoline Skagøy i Bud

Elise Theoline Skagøy har levd ute i eit år saman med ektemannen Andreas. Dei filma turen, og snart kan du sjå den på tv.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

No har ho ikkje vore heime hos foreldra sine på Romsdalskysten på over eit halvt år. Ho syns det er godt å endeleg vere heime.

– Det er utruleg herleg. Eg har sakna familien min masse i løpet av dette året.

For familien har ikkje vore like nær i år som før. Det siste året har ho og ektemannen stort sett vore under open himmel på Dovre og Nordkalotten på svensk og norsk side. Dei nygifte følgde draumen.

– Vi har møtt på mange prøver, men vi måtte eigentleg berre bli vande med å fryse litt, for når vi vakna så veit vi at vi er varme igjen, seier eventyraren.

Sjå turen på tv

No skal ekteparet fortelje om ekspedisjonen på Bjørnsonfestivalen i Molde og på NRK1 på tysdag i programserien Eventyrjenter. Det å filme seg sjølv utan noko som helst erfaring kravde også sin kvinne og mann.

– Ingen av oss hadde vore borti eit filmkamera før, så læringskurva vart bratt. Eg trur faktisk av vi hadde krangla halvparten så mykje viss vi ikkje hadde filma. Det vart litt styr, seier ho, med eit lurt smil.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL