Fredag den 8. august fekk politiet melding om at ein død person var funnen i eit bustadhus på Bigset i Hareid kommune. Taxisjåføren Monica Teigene var på vakt i Hareid og fekk ikkje med seg den tragiske nyheita med det same.
– Blod over alt
Fredag ettermiddag sat ho i bilen sin utanfor drosjesentralen på Hareid og venta på neste kunde. Då såg ho ein litt spinkel mann med blod i heile andletet og på hendene.
– Eg såg at han hadde mykje blod på kleda og elles på kroppen. Eg tenkte eigentleg ikkje noko særleg over det – sidan eg ikkje hadde fått med meg at ein person var funnen død, seier Teigene til NRK.
Etter det NRK erfarer har sivilt politi vore på kaia i Hareid for å sikre seg video frå overvakingskamera i området.
- Les også:
- Les også:
Visste ikkje at det hang saman
Fredag kveld bad politiet om tips i saka. Etter at ho fann ut kva som hadde skjedd tidlegare på dagen bestemte ho seg for å gjere nettopp det – ringe politiet.
– Kva er det som har skjedd no då, tenkte eg.
– Ei grufull hending
Teigene fortel at ho og andre ho har snakka med ser på hendinga som forferdeleg og grufull.
– Det er heilt utruleg at noko slikt kan skje på vesle Hareid. Det er veldig trist.
Under politiets pressekonferanse kl. 11.30 laurdag, kom det fram at både offeret og den arresterte mannen er i 20-åra. Den sikta personen skal vere norsk statsborger og bu på Sunnmøre.
Bustadstrøket Bigset ligg litt utanfor Hareid sentrum mot Ulsteinvik. Det var i dette huset drapet skal ha skjedd. Laurdag opplyste politiet at fleire skal ha vore til stades under drapet.
Foto: Ivar Lid Riise / NRK