Hopp til innhold

Ho kan bli årets landbruksbloggar

Bonden frå Volda har skrive om jordbruk og turisme, matproduksjon i ulike delar av verda og om merkevarebygging. No er ho ein av tre nominerte til prisen «Årets landbruksbloggar».

Kari Redse Håskjold

Kari Redse Håskold driv gard på Mork i Volda.

Foto: Norsk Landbrukssamvirke

– For å vere heilt æreleg har eg ikkje tenkt så mykje på det. Det skal jo konkurrerast om alt mogleg no til dags, men eg blir jo glad om eg vinn, seier Håskjold.

Til dagleg driv sunnmøringen gard i Volda, i tillegg til til å vere aktiv i fleire landbruksorganisasjonar og som nestleiar i Nortura. No har altså avisa Nationen sine lesarar og Norsk landbrukssamvirke nominert henne til bloggpris.

Håskjold er ein av fleire som er inviterte til å skrive innlegg på landbruksbloggen. Håskjold seier ho er særleg opptatt av dei lokale historiene.

– Då eg blei invitert til å skrive, var det med tanke på om vi kan fortelje historier om landbruket på ein annan måte enn det vi vanlegvis høyrer, litt enklare og nærare. Det er opptatt av, seier ho.

Ho seier innlegga handlar om ting ho opplever sjølv både lokalt og når ho har reist ute i verda.

Opptatt av forholde mellom lokalt og internasjonalt

Det siste innlegget hennar er frå Urke i Hjørundfjorden. Ideen til dette innlegget fekk ho under ein tur med hurtigruta.

– Vi kom inn mot Urke, og då slo det meg kor vanvittig vakkert det var der. Det var beitande geiter og vakkert kulturlandskap. Då tenkte eg på at geitene som gjekk der produserer melk som blir til ost som mellom anna hamnar i Russland. For meg blei det eit bilete på forholdet mellom den lille, lokale produksjonen og den store internasjonale marknaden.

I bloggen stiller ho også spørsmålet om kva storsamfunnet ønskjer for slike stader i framtida.

– Det gjeld ikkje berre landbruket, men vi kan også spørje oss det vil vere like spennande for turistane å kome dit i framtida dersom alt er gjengrodd.

Onsdag blir det klart om ho er den beste landbruksbloggaren i Norge.