NRK Meny
Normal

Ho er Ålesund sin første kvinnelege ordførar

– Dette er stor stas, sa Eva Vinje Aurdal (Ap) etter å ha fått på seg ordførarkjeda på bystyremøtet i Ålesund torsdag kveld.

Eva Vinje Aurdal

Eva Vinje Aurdal og Arbeidarpartiet gjorde eit historisk godt val i Ålesund, dermed er den første kvinnelege ordføraren på plass i bykommunen.

Foto: Birthe Bringsvor / NRK

I 16 år har Eva Vinje Aurdal drive med politikk. I like mange år har det vore blått styre i Ålesund kommune. Torsdag kveld fekk ein sjå det konkrete resultatet etter Arbeidarpartiet sitt historisk gode val i bykommunen, då Aurdal tok plass i ordførarstolen.

– Eg er både stolt og glad

Få dagar etter valet i september blei det klart at Eva Vinje Aurdal (Ap) blir ordførar i Ålesund dei neste fire åra. Arbeidarpartiet, KrF, Miljøpartiet de Grønne og SV hadde då blitt enige om ei felles politisk plattform for den komande bystyreperioden.

Aurdal har hatt god tid på seg til å venne seg til tanken på at ho er Ålesund sin nye ordførar. Likevel blei det ei spesiell stund då ho fekk overrekt både ordførarklubba og ordførarkjeda torsdag.

– Eg er både stolt og glad og ber kjeda med litt ærefrykt, sa Aurdal etter bystyremøtet.

Då hadde ho heldt sin første tale til bystyret som ordførar. Ein tale ho først nytta til å takke Bjørn Tømmerdal (H) for jobben han har gjort gjennom åtte år.

Eva Vinje Aurdal og Bjørn Tømmerdal

Eva Vinje Aurdal fekk overlevert ordførarkjeda frå Bjørn Tømmerdal torsdag.

Foto: Birthe Bringsvor / NRK

– På tide med kvinneleg ordførar

Tømmerdal sjølv synest også det var ein stor dag, sjølv om han kunne vedgå at det er litt rart at epoken som ordførar er over.

Bjørn Tømmerdal

Bjørn Tømmerdal (H) leia torsdag sitt siste bystyremøte i Ålesund. Kva han skal bruke tida si på no er hemmeleg.

Foto: Birthe Bringsvor / NRK

Eva Vinje Aurdal

Den første talen som ordførar i Ålesund blei blant anna brukt til å snakke om korleis ein skal få fleire kvinner til byen.

Foto: Birthe Bringsvor / NRK
– Det er litt vemodig. Forholdet til dei tiilsette i Ålesund kommune har vore veldig godt og trygt for meg. Om eg kjem til å sakne politikken i Ålesund er eg litt meir usikker på.

Sjølv om Tømmerdal helst skulle ha sett at Høgre fekk halde fram med å styre, er han glad for at Ålesund endeleg har fått ein kvinneleg ordførar.

Det er den nye ordføraren også, og ho meiner det ikkje skjer ein dag for tidleg.Nettopp likestilling er noko ho ønskjer å ha fokus på i den komande perioden.

– Det er absolutt på tide. Det er eit viktig symbol det at Ålesund også har kvinnelege ordførarar, seier Aurdal.

– Vi treng å drive likestillingspolitikk i all anna politikk, og då trur eg ikkje det er heilt uvesentleg korleis Ålesund framstår.

Økonomiske utfordringar

Når Eva Vinje Aurdal no går over frå å vere partipolitikar til å bli ordførar ønskjer ho å bli ein god arbeidsgjevar.

Eva Vinje Aurdal

Så rørt blei ålesundsordførar Eva Vinje Aurdal (Ap) då ho oppdaga at familien hennar sat i bystyresalen.

Foto: Birthe Bringsvor / NRK

– Eg vil dei tilsette skal føle eg er ein god arbeidsgjevar, ikkje minst i dei omstillingane dei no må igjennom for at vi skal få kommunen på fote økonomisk igjen.

Aurdal vil ha ei sterk påverknadskraft ikkje berre når det gjeld å berge økonomien til Ålesund, men også når det gjeld samhandlinga med nabokommunane i tida framover. Slaga frå ordførarklubba var derimot litt svake til å byrje med under bystyremøtet torsdag.

– Det har eg ikkje øvd på, så eg måtte prøve meg litt fram før eg fann den rette slagkrafta, ler den nye ordføraren.