Hopp til innhold

Hjorten går ein hard vinter i møte

Mykje brunsvidd blåbærlyng er dramatisk for hjorten som kan oppleve fôrkrise til vinteren.

Brun lyng kan bli farleg for hjorten

Mangel på frisk lyng kan bli fatalt for mange hjortar til vinteren.

Foto: NRK/Øyvind Johan Heggstad/John Øystein Berg/Montasje

– Dette kjem til å bli eit kjempeproblem er eg redd, seier konstituert landbrukssjef i Molde, Nils Bjørn Venås.

Ikkje på mange generasjonar har vinteren gitt oss så omfattande brunsvidd lyng som i år. Til vinteren kan det blir krise for hjorten som lever av lyngen.

– Ser ikkje bra ut

Den lyngen som er mest øydelagt, er den som ligg oppå tuene og opp mot furustammen. Og det er nettopp denne lyngen som hjorten prøvar å krafse fram når snøen forsvinn.

– Det såg faktisk ganske bra ut tidlegare i sommar, men no på seinsommaren har vi vore på synfaring og ser at det ikkje har utvikla seg så bra som vi trudde, seier landbrukssjefen.

Sjå TV-innslaget frå Ut i naturen om brunsvidd lyng

Spent på vinteren

Nils Bjørn Venås

Konstituert landbrukssjef i Molde, Nils Bjørn Venås, vil ha meir hjortejakt for å unngå fôrmangel i vinter.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK / NRK

Om du har ferdast i naturen i sommar, har du kanskje merka eit uvanleg fråvær av blåbær og tyttebær. Blåbærlyngen, som mange stader er brunsvidd, skulle vere matfatet for hjorten i vinter. Kva slags vinter vi får, avgjer om det blir fôrkrise og massedød for hjorten.

– Får vi ein mild vinter som vi hadde, med opne innmarker, så trur eg det går bra. Men får vi ein normal eller streng vinter med mykje snø, så vil det få konsekvensar for hjorten, seier Venås.

Oppmodar til meir skyting

For å unngå sveltedauden for hjortane, vil landbrukssjefen oppmode jegerar og grunneigarar om å leggje seg i selen for å få skote meir hjort enn elles.

– Bør myndigheitene opne for meir jakt på grunn av situasjonen?

– Her i Molde kommune er det gitt løyve til å skyte i rikeleg monn, men mange kommunar held litt tilbake. Det synest eg personleg er feil, avsluttar han.

I Sverige danser de foran tusenvis av turister, men så fort de kommer over grensa blir de en av Norges mest sky fugler. Vi har likevel klart å skrive oss på dansekortet til "Nordens struts".