Hopp til innhold

Hjelpsame fiskekameratar

Severin har fått nye bestevener i dei to hundane til Jelena. Dei er omtrent like glad i fisking som han er.

Severin har fått nye bestevener i dei to hundane til Jelena som er like glad i fisking som han.

Sjå videoen: Severin har fått seg to nye turkameratar.

Severin tek oftare turen til Ålesund ettersom kjærasten Jelena bur der, men han toler ikkje for mykje bytrasking.

Trass i at det er mykje spennande å sjå under The Tall Ships’ Races i Ålesund, føler han seg meir heime på Røneset der han kan kombinere to av favorittaktivitetane, nemleg fjell- og fisketur.

Episode nummer to i den tredje sesongen av «Severin» kan du sjå på NRK1 klokka 20.25 tysdag kveld eller på nett:

Trøtte bein.
Severin må oftare ta seg ein tur til Ålesund, kjærasten bur jo der, men han toler ikkje for mykje bytrasking. Severin har også fått nye bestevener i dei to hundane til Jelena, men dei toler ikkje for mykje fjelltrasking. Sesong 3 (2:6)

Severin har budd på det veglause garden ved Storfjorden i Sykkylven i over ti år, og kombinerer livet på Røneset med jobb på fiskeoppdrettsanlegg og kjæraste i Ålesund.

Meir om Severin kan du lese her.