Hopp til innhold

Har ikkje råd til å bruke nødnettet: – Det går ut over liv og helse

Hjelpeorganisasjonar over heile landet manglar tilgang til nødnettet. No vil dei at staten skal ta rekninga.

Norsk folkehjelp i aksjon i Hustadvika.

I AKSJON: Den nystarta gruppa til Norsk Folkehjelp øver på søk i terreng.

Foto: Roar Strøm / NRK

Ein person er meldt sakna. Norsk Folkehjelp er kalla ut og skal leite langs fjøra etter den sakna personen. Dei er 20 stykk, men må dele seg opp i to grupper.

Den eine gruppa får med seg ein nødnett-terminal, som liknar ein «walkie talkie», til å kommunisere med politi og redningshelikopter. Den andre gruppa må gå utan.

– Funn, ropar David Andre Bruun.

Det er gruppe nummer to som lokaliserer den sakna. Ho er medvitslaus og må bli frakta vekk med båre. Tid kan vere avgjerande for å kunne berge liv.

Norsk Folkehjelp øver seg på søk i terreng i Hustadvika.

FUNN: Norsk Folkehjelp fann den sakna i fjøra. For ordens skuld, det er journalisten sjølv som ligg «medvitslaus».

Foto: Roar Strøm / NRK

Dei må varsle dei andre etatane om funnet, men det er gruppe nummer ein som har nødnett-terminalen.

Det er heller ikkje mobildekning, og ein person må springe av garde for å finne den andre gruppa.

Kritisk tid går.

– Kan få fatale konsekvensar

Dette var scenarioet som det ferske lokallaget i Hustadvika brukte helga si på å øve på. Men øvinga vart noko amputert.

No har vi fått fem terminalar. Men vi er 20 stykk, så må vi ha fleire terminalar. Men vi har ikkje råd til å betale eit abonnement, seier styreleiar i Norsk Folkehjelp Hustadvika, David Andre Bruun.

David Andre Bruun i Norsk folkehjelp i Hustadvika.

DYRT: David Andre Bruun seier dei har behov for fleire nødnett-terminalar til lokallaget i Hustadvika, men det er for dyrt for dei å kjøpe.

Foto: Roar Strøm / NRK

For det nystarta lokallaget har ikkje råd til å kjøpe nye nødnett-terminalar, eller å betale den årlege abonnementskostnaden eigaren av nødnettet krev, DSB. Dei terminalane dei har no har dei fått frå andre lokallag.

– Det går ut over liv og helse, og kan få fatale konsekvensar, seier Bruun.

For dyrt

Og det er ikkje berre i Hustadvika dei har problem, over heile landet manglar hjelpeorganisasjonar nødnett-terminalar.

Norsk folkehjelp har ikkje råd til å kjøpe inn nødnetterminalar. Slik ser den ut.

TERMINAL: Slik ser ein nødnetterminal ut, som ein «walkie talkie».

Foto: Roar Strøm / NRK

Politi, helse og brann kommuniserer saman via nødnettet. Når hjelpeorganisasjonar er ute har dei også behov for å kunne snakke med dei.

– Vi har om lag 10 000 personar i sving i Noreg i dag, og halvparten av dei, 4500, er utan nødnetterminalar, seier Bente Asphaug, dagleg leiar i Forf, som er ein paraplyorganisasjon for dei frivillige i Noreg.

Konsekvensane er at mange nye frivillige ikkje får vere med å bidra i redningsarbeidet. Ho meiner det er urovekkande at regjeringa ikkje ser behovet som er der.

– Det er snakk om totalt 22 millionar kroner i året. I den store samanhengen er dette lite pengar, men det betyr veldig mykje for oss.

Når nødnettet vart oppretta i 2015, så fekk alle hjelpeorganisasjonar tildelt terminalar, og det vart bestemt at staten skulle betale for abonnementet på desse. Men om dei no vil gå til innkjøp av fleire terminalar, må dei sjølv dekke den årlege avgifta.

Regjeringa seier at dei frivillige er berebjelken i beredskapsarbeidet i Noreg, men dei vil ikkje svare på om dette er noko dei vil dekke.

– Når det gjeld dekning av kostnadane, så er dette eit budsjettspørsmål, som regjeringa vil komme tilbake til gjennom dei årlege budsjettrundane, seier statssekretær, Hans Petter Aasen.

Hei!

Har du tankar om saken du akkuratt har lest, eller inspel til andre saker eg burde sjå på? Send meg gjerne ein e-post.