Den forsvunne scooteren. Foto: Kjell Møller
Scooteren er knapt eitt år gammal, og stod parkert bak eit lagerlokale på Ørskogfjellet. Administrativ leiar i hjelpekorpset, Kjell Møller, oppdaga at scooteren var borte no i helga.
Ingen i hjelpekorpset veit kvar han er blitt av, og Kjell Møller går ut frå at han er stolen.
Foto: Kjell Møller
Ålesund Røde Kors Hjelpekorps har rundt 30 aktive medlemmer, og dei har samla inn pengar til scooteren i lang tid. Scooteren kosta om lag
100 000 kroner, og blir brukt til redningsoppdrag og til å køyre opp løyper på Ørskogfjellet.
Scooteren var så ny at han ikkje hadde fått Røde Kors-merke på seg enno, men han er svart med gul skrift på sidene. Ålesund Røde Kors Hjelpekorps vil gjerne ha opplysningar som kan hjelpe dei med å få han tilbake.
Dersom scooteren ikkje blir funnen, vonar Kjell Møller at forsikringa dekkjer tapet, elles må hjelpekorpset til å samle inn pengar igjen.