Hopp til innhold

Hjellegjerde kan få skattesmell

Hjellegjerde kan få ein skattesmell på opp mot 1 million Euro.

Hjellegjerde i Sykkylven
Foto: NRK

Det er Hjellegjerde sitt tyske dotterselskap, Fjord Europe GmbH, som har fått varsel frå tyske styremakter om forhold som kan føre til skattesmell.

Uklar storleik

Kravet vil bli avvist av selskapet, skriv dei i ei pressemelding. Det er enno uklart kor stort kravet blir, men ifølge innkallinga dei har fått til forhandling vurderer tyske skattestyremakter kravet til mellom 600.000 og 1.000.000 euro.

Kravet kan føre til ei endring i skatteordninga til Fjord Europe GmbH for perioda 2002-2005.

For store overføringar til konsernet

Dei tyske styremaktene meiner Fjords Europe har overført for mykje pengar til konsernet i Noreg i perioda mellom 2002-2005 for å spare skatt.

Administrerande direktør i Hjellegjerde, Olav Inge Røyset seier selskapet vil avvise dette kravet, og meiner dei tyske styremaktene ikkje har grunnlag for dette.