Hit kjem det ein million turistar dei neste månadene

Det går mot ny turistrekord i Geiranger. Pågangen er så stor at det har vore nødvendig å sette maksgrense på 6000 cruiseturistar pr. dag i juli.

Geirangerfjorden med cruiseskip og andre båter

Det går mot ny turistrekord i Geiranger i 2019. Det er venta at opp mot ein million tek turen innom den verdskjente turistbygda.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

På det verdskjende utsiktspunktet ved Ørnesvingen står søskenparet Teddy og Naomi Gomez frå Los Angeles i USA. Ho og broren står heilt åleine på utsiktspunktet. Dei har oppsøkt Noreg, som dei oppfattar som mykje meir avslappande enn heimlandet.

Turistar Geiranger

Naomi og Teddy Gomez frå USA er på Noregsferie. Dei besøker Geiranger før bygda straumen av turistar kjem.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

– Eg hatar at det er så tett i USA, seier Naomi Gomez.

Dei veit ikkje at det om få veker kjem til å vere like tett her inne i fjorden som i Los Angeles. Igjen skal folk stå i kø for å kunne gå på do.

Har sett maksgrense

Veksten dei siste åra har vore formidabel. Ifølgje dagleg leiar Ove Skylstad i Geiranger Utvikling kjem det 136 000 turistar i juni i år. Det er like mange turistar som i heile 2007.

Ove Skylstad

Ove Skylstad er dagleg leiar i Geiranger Utvikling.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

– Vi ønskjer alle velkomen, men vi kan ikkje ta imot alle på ein gong. Vi har difor sett eit tak på 6000 cruiseturistar pr. dag frå 20. juni til 10. august. Det er heilt nødvendig, seier Skylstad.

Han ønskjer å spreie turiststraumen over fleire månader, og seier det blir jobba for å få Geiranger til å bli ein heilårsdestinasjon.

Vil unngå totalt kaos

Geirangerfjorden har sidan 2005 stått på UNESCO si verdsarvliste. Sjølv om turistane går tett i tett, viser ei fersk undersøking at 9 av 10 er fornøgde med det dei opplever i turistmetropolen.

Forskar på Geiranger

Forskarar frå NTNU og Høgskulen i Volda. F.v.: Magnus Sparrevik, Else Ragni Yttredal, Børge Andreas Heggen Johansen og Dina Margrethe Aspen.

Foto: Tore Ellingseter

Forskarar frå Høgskulen i Volda og NTNU arbeider med å kartlegge korleis besøkande opplever den maurtua som Geirangerområdet er. No er dei på jakt etter innspel og forslag.

Dei meiner det hastar med å få på plass nye løysingar for å unngå det totale kaos.

Les også: – Bompengar for turistar kan løyse Geiranger-krisa

Turistnæringa vi ha tiltak

Ved Hotel Union i Geiranger er det hektiske dagar. Direktør Mona Mjelva skal dei komande dagane og vekene ta i mot meir enn 150 sommarvikarar.

Resepsjon Geiranger

Hotelldirektør Monja Mjelva gir opplæring til Martine Sørensen (t.h.) i resepsjonen ved Union Hotel.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

I dag er det Martine Sørensen som får opplæring. Og arbeidskraft er det behov for i sommarmånadene, spesielt i år då det er venta ny besøksrekord i Sunnmørsbygda.

– Klart vi gler oss. men det er ein del ting det må ryddast opp i. Eg vil ha tiltak som får trafikken ned. Det må heller leggast til rette for at vi kan utvide sesongen til å gjelde heile året, seier Monja Mjelva.

Oppe ved Ørnesvingen tek søskenparet Teddy og Naomi Gomez frå Los Angeles bilete. Hundrevis av bilete, og har ikkje så lyst til å setje seg i bilen att.

Utsikta er heilt utruleg. Vi skulle gjerne stått her til evig tid, seier dei.

Geiranger

Det er denne utsikta alle vil ta bilde av. Frå 1. mai av blir turistskipa ein stor del av bildet. Gjerne tre eller fire kvar dag.

Foto: Tore Ellingseter / NRK