NRK Meny
Normal

Hit inn slepper ikkje skuleborna lenger utan påmelding

Skuleborn i Kristiansund og Ålesund må meldast på skriftleg for å få lov til å gå på skulegudsteneste før jul. Biskopen reagerer på praksisen.

Volsdalen kirke

Skuleborn i Volsdalen kirke i Ålesund må for første gong melde seg på for å kunne vere med på skulegudsteneste denne veka.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

Alle skuleborn i Kristiansund har fått med seg heim eit ark der dei blir bedne om å krysse av for om dei skal på skulegudstenestene eller eit alternativt opplegg denne veka.

Praksisen er heilt ny, og skjer trass i at det store fleirtalet av skuleborna tradisjonelt helst vil på skulegudsteneste.

– Der er vi rågod. Vi har sendt ut eit fyldig skriv til foreldra der vi har bedt dei melde ungane på gudsteneste eller eit alternativt opplegg, seier rektor Synnøve Tangen ved Dalabrekka barneskole.

I skrivet skildrar ho detaljert kva som skjer både under gudstenesta og det alternative opplegget.

Biskopen meiner det er unødvendig

Ingeborg Midttømme

Biskop Ingeborg Midttømme seier påmelding til skulegudsteneste er heilt unødvendig.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Inntil no har det vore slik at dei som ikkje ville på skulegudsteneste kunne melde seg på eit alternativt opplegg. Men tidlegare i haust rådde Utdanningsdirektoratet skulane om å gjere det akkurat slik som kristiansundsrektorane. Biskop Ingeborg Midttømme meiner det er heilt unødvendig.

– Eg syns dei lagar eit kunstig skilje mellom kva for type kunnskaps- og kulturformidling ein må aktivt melde seg på, og ikkje, seier Midttømme.

– Men er ikkje det lite respektfullt å tru at alle elevane vil på skulegudsteneste?

– Det er ikkje lite respektfullt å oppfylle kravet i formålsparagrafen i Opplæringslova om at elevane skal ha kjennskap til kristen kultur- og tradisjonsformidling, seier Midttømme.

Ingen påmelding i Molde

Ingunn Sjåholm

Ingunn Sjåholm seier moldeskulane – av praktiske omsyn – ikkje ber om påmelding til skulegudsteneste.

Foto: privat

Men det er ikkje alle som gjer som kristiansundsrektorane. I Molde har det kommunale foreldreutvalet for alle dei 12 grunnskulane sagt at det ikkje er nødvendig med påmelding.

Vi syns ikkje det er nødvendig. Dei aller fleste vel likevel skulegudsteneste, og ut frå eit praktisk omsyn syns vi det er greitt å sleppe påmelding, seier leiar Ingunn Sjåholm.

Påmeldingsslipp

Foreldra til elevane ved Volsdalen skole i Ålesund blir for første gong bedne om å melde seg på skriftleg dersom ungane skal på skulegudsteneste.

Foto: Synnøve Hole

I Ålesund er det også mange skular som ikkje ber om påmelding.

Skuffa over dei som gjer som før

Human-Etisk Forbund er usamd både med ålesundsrektorane, molderektorane og biskopen. Organisasjonen har i lengre tid arbeidd for ein ny praksis med aktiv påmelding.

Sverre Støren

Leiar i Human-Etisk Forbund i Møre og Romsdal, Sverre Støren, seier han er skuffa over skulane som held fast på den gamle ordninga utan påmelding til skulegudstenestene.

Foto: Human-Etisk Forbund

– Vi er skuffa over at enkelte skular held fram som før, og ventar at alle etter kvart forheld seg til tilrådinga frå utdanningsdirektoratet, seier leiaren i Human-Etisk Forbund i Møre og Romsdal, Sverre Støren.

Han trur at det alternative opplegget kjem til å få stadig større oppslutning, og seier samfunnet generelt blir gradvis mindre religiøst.

Fryktar ingen masseflukt

Nordlandet kirke i Kristiansund

Dei elevane som vil hit til Nordlandet kirke i Kristiansund på skulegudsteneste, må melde seg på skriftleg.

Foto: privat

Biskopen er usikker på korleis skriftleg påmelding vil påverke kyrkjegangen rundt om i skulane.

– Det er jo mange som gler seg til jul og til å synge julesongar, og har eit sterkt forhold til det, så vi får sjå kva som skjer.

– Fryktar du at mange kjem til å droppe skulegudstenestene?

– Det er ingenting å frykte. Det er viktig at alle er trygge i sin egen identitet, og at ein også kjenner andre tradisjonar, seier ho.