Hopp til innhold

Historiske funn på Veøya

På Veøya i Romsdalsfjorden er det funne eit kaianlegg frå tolv-trettenhundretalet. Utgravingane er no i gang.

Utgraving på Veøya
Foto: Omar Sejnæs / NRK

Professor Brit Solli frå Molde samarbeider med Romsdalsmuseet om utgravingane av det som ser ut til å vere kaia i middelalderkjøpstaden.

Eit interessant funn

Det var på 1990-talet at Karsten Flovikholm, som då var oppsynsmann på Veøya, fann 7-8 trepålar i fjøra i Nordvågen. Han forstod at dette ikkje var vanlege furustokkar, men at pålane hadde vore brukte til noko spesielt. Han varsla arkeologen Brit Solli som hadde drive med utgravingar på Veøya frå 1990 til 1992, og som har teke doktorgraden på dette arbeidet.

Kaia til kjøpstaden

Brit Solli hadde aldri sleppt tanken på at kjøpstaden som låg her til om lag 1350 måtte ha hatt ei kai. Ho teikna ei skisse over dei funna Flovikholm hadde gjort, og no er ho endeleg tilbake på Veøya for å granske dei nærare.

 

Utgraving på Veøya
Foto: Omar Sejnæs / NRK

På 1200- og 1300-talet stod sjøen ein og ein halv meter høgare enn i dag. Det betyr at dei stokkane vi no ser, truleg var ein del av den avstivinga som låg eit stykke nede i kaia. Svar på fleire spørsmål får vi når pålane er tidfesta ved hjelp av C14-metoden. Men at dette funnet vil gje ny og verdfull kunnskap om historia til Veøya, er det ingen tvil om.

TV-innslaget om utgravinga på Veøya blir vist i NRK Møre og Romsdal kl. 1840 onsdag 21/6. Her møter du Brit Solli og tidlegare oppsynsmann Karsten Flovikholm. Foto: Omar Sejnæs. Reporter: Ove Lervik.

Du kan også sjå innslaget på nett-TV via videolenkja lenger oppe på denne sida.