Det blei bestemt på dei ekstraordninære generalforsamlingane i klubbane i går.
Erkerivalane har alltid hatt kvart sitt lag, men det er no klart for eit historisk samarbeid.
Nordmørsbyen har i alle år hatt to sjølvstendige fotballklubbar; Clausenengen og Kristiansund.
Fyrstnemnde har fostra storspelarar som Ole Gunnar Solskjær, Øyvind Leonharden og Arild Stavrum.
Men ingen av klubbane har hatt særleg stor sportsleg suksess. Denne sesongen ligg Kristiansund i 3. divisjon, Clausenengen kjem truleg til å rykke ned frå 2. divisjon.