Motstandar er portugisiske Benfica.
Molde tapte 3-1 på bortebane, og må difor vinne med minst to mål i kveld.
Det har sportsleg leiar i MFK, Bertil Stranden god tru på at dei skal klare.
I førre runde vann Molde samanlagt mot Leiria, som også kjem frå Portugal.
Også då blei det tap på bortebane, men MFK snudde med 3-1 siger heime.
Tolk og tidlegare MFK-spelar Flaco og Benficatrenar Josè Antonio Camacho på pressekonferansen. Foto: Gunnar Sandvik
Benfica trur på siger
Benfica-trenar Josè Antonio Camacho trur på Benficasiger, men reknar med tøff motstand. Molde spelar taktisk og dispilinert seier, Benficatrenaren som lovar offensiv fotball.