Hopp til innhold

Historielaus bindersaksjon

Direktør Bjørn Engum meiner det er historielaust av dei sjukehustilsette i Kristiansund å bruke binders i jakkeslaget.

Dei gjer dette for å markere misnøye med planane om å samle føde- og akuttberedskapen i Molde.

Bindersen blei brukt som eit samlesymbol av nordmenn under andre verdsskrig.

Engum oppmodar dei tilsette til å avslutte aksjonen, og seier dei kan ytre seg på andre måtar.

 

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL