Hopp til innhold

Hindrar at brannen blussar opp att

Den kraftige vinden gjer at det kan vere fare for at brannen i Eidsdal blussar opp att. Brannmannskap har hatt vakt gjennom heile natta for å unngå dette.

Brann i Eidsdal

Fjøset ved den nedlagde garden brann ned. Brannvesenet klarte

Foto: Britt Ingunn Maurstad

Det var i 22-tida onsdag kveld det starta å brenne på ein fråflytta gard i Eidsdal i Norddal kommune. Driftsbygninga brann heilt ned og brannvesenet jobba for at brannen ikkje skulle spreie seg til våningshuset. Det klarte dei og huset fekk berre småskadar som knuste ruter og ein svartsvidd vegg.

– Brannvesenet har vore der i heile natt for å passe på at brannen ikkje spreiar seg og er der framleis. Det er ein del vind, seier Paul Ola Vestre ved 110-sentralen.

Det var verken personar eller dyr på garden då brannen starta.

Gardsbruket ligg eit par hundre meter frå Fylkesveg 63 gjennom Eidsdal, og vel 3, 5 kilometer opp dalen frå ferjekaia. Ei elv som renn like ved garden skal ha gitt brannvesenet bra tilgang på vatn til sløkkingsarbeidet.

Politiet skal i dag gjere undersøkingar for å finne brannårsaka.