Forkjøpsrett
Berg-Jacobsen vil selge Moldekraft-aksjar for 4,5 millionar kroner til investeringsselskapet Angvik Investor. Det vil seks aksjonærar hindre gjennom å bruke forkjøpsretten sin.
Istad Kraft har lenge vore eit attraktivt selskap for investorar og andre kraftselskap. I 2001 gjekk fleire lokale aksjonærar i Istad saman og danna grupperinga Moldekraft. Moldekraft eig 10 prosent av aksjane i Istad og formålet er å sikre at kraftselskapet forblir lokalt.
Torgeir Dahl er blant aksjonærane i Moldekraft som brukar forkjørpsretten. Foto: Gunnar Sandvik
Fryktar trøndersk oppkjøp
Men frykta for blant anna eit trøndersk oppkjøp gjennom Trondheim energiverk er stor. Trønderane eig 49 prosent av aksjane i Istad. Molde-investorane Berg-Jacobsen ønskjer å selje aksjanae i Moldekraft for omlag 4,5 millionar kroner til Angvik Investor. Men sjølv om Berg-Jacobsen eig 25 prosent avaksjane i Angvik Investor, så er ikkje det godt nok for resten av aksjonærane i Moldekraft.
Seks aksjonærar, deriblant Torgeir Dahl, nyttar seg no av forkjøpsretten for å sikre aksjane på lokale hender.