Hopp til innhold

Hexagon mister milliardkontrakt

Det ålesundsbaserte selskapet Hexagon Composites har fått kansellert ein stor ordre med ein bildelprodusent. Ordren hadde ein verdi på 1-1,2 milliardar kroner over sju år. Hexagon har fått beskjed om at kanselleringa ikkje skuldast dei, skriv dei i ei børsmelding. Hexagon produserer hydrogentankar.