Hopp til innhold

Hevdar stadig fleire ungar avtalar sex med vaksne på nettet

Politiet ber foreldre sjekke kva for nettstader ungane deira brukar, og meiner mange er for naive. Ein nordmørsmann i 20-åra er tiltalt for å ha lokka med seg fleire ungjenter til sex – via nettet.

Merethe Falkevik

Aktor Merethe Falkevik seier dei får stadig fleire saker som omhandlar avtale om sexkjøp mellom vaksne og mindreårige.

Foto: Anne-Mari Flatset

Nordmøre tingrett har måndag høyrt mannen i 20-åra vedgå overgrep mot unge jenter. Jentene kom han i kontakt med via Internett, og dei yngste var ifølgje tiltalen berre 15 år gamle då dei møttest for å ha sex mot betaling.

Tom Erik Erlandsen arbeider som digital krimteknikar. Han ber foreldre slutte å vere naive.

Folk bør ikkje vere naive i forhold til kva ungane deira gjer. Foreldre bør setje seg like godt inn i kva appar og nettstader ungane deira brukar, som dei sjekkar kvar dei er på besøk om kveldane, seier Erlandsen.

Stadig fleire slike saker til politiet

Merethe Falkevik t.v. og forsvarar Geir Kvande

Merethe Falkevik t.v. og forsvarar Geir Kvande under rettsaka måndag i Kristiansund.

Foto: Anne-Mari Flatset

Mannen skal ha forgripe seg mot jentene både i Oslo og Ålesund. Det skal ha skjedd på eit offentleg toalett, på eitt av kjøpesentera i Ålesund og på Atlanterhavsparken.

Også aktor Merethe Falkevik stadfestar at det slett ikkje er uvanleg at det går føre seg avtalar via Internett om sex, også avtalar mellom mindreårige barn og vaksne.

Generelt ser vi ein aukande tendens til at dei sakene vi i politiet får på bordet, handlar om kontakt via Internett, og med handlingar av seksuell karakter, seier Falkevik.

Ho seier at det spesielle i denne saka er at det er mange unge jenter involvert, og at fleire av dei skal ha vore under 16 år då overgrepa skjedde.

Les også:

Vedgjekk delvis straffskuld

Mannen i 20-åra vedgjekk måndag mesteparten av det han er skulda for, men seier han ikkje visste at nokre av dei var under 16 år gamle.

Dette er noko av det mest sentrale, men vi behandlar sjølvsagt heile tiltalen, seier Falkevik.

Det var opphavleg sett av åtte dagar, men alt tyder på at saka er ferdig i løpet av denne veka.