Hevdar sjukeheimen gav beskjed om at mora var død - etter 40 minutt kom kontrabeskjeden

Borna til ei eldre kvinne på Nordmøre hevdar dei fekk beskjed om at mor deira var død etter akutte pustevanskar. Etter 40 minutt ringde sjukeheimen opp igjen og sa at ho levde.

Faksimile av avviksmelding

I avviksmeldinga som blei fylt ut på sjukeheimen, står det at det først blei gitt beskjed til pårørande om dødsfall. Deretter at dei gav ny beskjed, om det motsette, om lag 40 minutt etterpå. Men dei tilsette har i ettertid nekta for at dei gav beskjed om at den eldre kvinna var død.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Det er andre saka på kort tid i Møre og Romsdal der familien har trudd at ein av deira næraste var død - og at dei deretter får beskjed om at vedkomande lever.

Nyleg fortalte TV2 om at legane erklærte ei eldre kvinne i Molde død, men at ho likevel levde.

Molde sjukehus

Her ved Molde sjukehus blei ei kvinne erklært død og behandlinga avslutta tidlegare i år. Også i den saka levde kvinna.

Foto: Remi Sagen / NRK

No viser det seg at dei pårørande til ei eldre kvinne på ein sjukeheim på Nordmøre hevdar også dei fekk ein feil dødsbeskjed. Mor deira, ei kvinne i 80-åra fekk akutte pustevanskar, skal ha blitt blå på hendene og så dårleg at pleiarane ikkje lenger klarte å måle puls på henne. Dermed blei dei pårørande varsla.

– Eg syns sjølvsagt ikkje at slikt skal skje, seier sonen til den eldre kvinna. Av omsyn til familien og dei involverte pleiarane vil han ikkje stå fram med namn.

Han sette seg same kveld på flyet heim til mora, ilag med barnebarna, som tidlegare på kvelden hadde trudd at farmora var død.

«Stor belastning psykisk og praktisk»

I avviksmeldinga som sjukeheimsleiaren skreiv etter hendinga står det:

«Feilinformasjon om dødsfall. Det ble gitt beskjed til pårørerende pr telefon om dødsfall. Det ringes opp igjen etter ca 40 minutt om at dette var feil.»

Vidare i avviksmeldinga heiter det:

«Pårørende har fått beskjed om dødsfall, de reiser fra jobb, en av dem langveisfra for å komme til sykehjemmet snarest. De får senere beskjed om at dette ikke er riktig. Stor belastning psykisk og praktisk. »

Runar Finvåg er pasient- og brukarombod i Møre og Romsdal

Pasient- og brukarombod i Møre og Romsdal, Runar Finvåg, ber no nordmørskommunen om å gå gjennom rutinane sine for stadfesting og varsling av dødsfall.

Foto: Roar Halten / NRK

– Dette er svært spesielt, og heldigvis er det svært sjeldan vi høyrer om slike hendingar. Slikt skal ikkje skje, seier pasient- og brukarombod i Møre og Romsdal, Runar Finvåg om dei to sakene.

Han ber no nordmørskommunen gå gjennom rutinane sine for stadfesting og varsling av dødsfall.

Beklagar kommunikasjonen

Sonen har i ettertid klaga til Fylkesmannen i Møre og Romsdal på det familien opplevde, og meiner kommunen har ønskt å legge «fullstendig lokk på hendelsen». Også han etterlyser betre rutinar for informasjon ved slike hendingar, og strekar samstundes under at familien vanlegvis er svært godt fornøgd med pleia som mora får på sjukeheimen.

Ordføraren i nordmørskommunen avviser at dei vil legge lokk på saka og beklagar kommunikasjonen med dei pårørande. Kommuneleiinga svarar ikkje på kvifor avviksmeldinga og forklaringa til dei tilsette skil seg, men skriv i ein epost at pasienten aldri blei erklært død og at behandlinga pågjekk heilt til pasienten var stabil.

Nektar for å ha sagt det

Dei tilsette ved sjukeheiemen har i ettertid nekta for at det blei sagt direkte at den eldre kvinna var død, men har forklart at dei forstår at beskjeden kunne tolkast slik.

Fylkeslegen i Møre og Romsdal konkluderte nyleg med at både ein sjukepleiar og ein hjelpepleiar som var på vakt braut lova fordi dei ikkje har journalført kva dei sa til dei pårørande og kva for råd dei fekk frå legevakta.

Fylkeslegen skriv at det er vanskeleg å vite kva som konkret blei sagt, men at det er «midlertid åpenbart at pårørende har oppfattet at de har fått beskjed om at pasienten er død og derfor har handlet ut fra dette».

Les også: