Hopp til innhold

Hevdar seg i førstedivisjon

Kristiansund og Hødd ligg godt an før innspurten i førstedivisjon. Åtte rundar gjenstår og Kristiansund ligg heilt oppe på ein andreplass, medan Hødd ligg på ein fjerde.

Hødd og KBK

KBK og Hødd ligg begge øvst på tabellen i førstedivisjon. Kanskje får vi endå fleire lag frå Møre og Romsdal i eliteserien neste år?

Foto: Svein Ove Ekornesvåg/Roar Halten / NTB Scanpix/NRK

– Dette er definitivt spennande!

Det er orda til KBK-trenar Christian Michelsen, som har god grunn til å gle seg over resultata så langt i sesongen.

Med fem sigrar på dei fem siste kampane, ligg KBK oppe på ein solid andreplass på førstedivisjonstabellen før søndagens bortekamp mot Bærum.

– Slår kven som helst

Christian Michelsen

Trenar Christian Michelsen har teke KBK til ein andreplass i førstedivisjon.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Med åtte rundar att av sesongen, er trenaren til KBK optimist.

– Berre at vi har posisjonert oss der vi har gjort, fortel at vi er eit godt lag. Vi har bevist før at vi kan slå kven som helst, seier Christian Michelsen.

Michelsen seier også at spelarane godt veit at dei kan rote det til når dei ikkje er på, så det er viktig å halde konsentrasjonen oppe mot Bærum søndag.

– Alt er opp til oss sjølve.

Laster innhold, vennligst vent..

Vil kjempe i toppen

Sindre Eid

Hødd-trenar Sindre Eid er førnøgd om Hødd klarer å hevde seg blant dei seks beste i førstedivisjon.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Ikkje langt unna på tabellen ligg Kristiansund sine naboar i sør, Hødd. Før dei møter Follo søndag, ligg laget på ein fjerdeplass i førstedivisjon.

– Vi har sett oss eit mål om å hamne blant topp seks og den målsettinga står ved lag endå, seier Hødd-trenar Sindre Eid.

Hødd-trenaren er fornøgd om laget klarer å forsvare den posisjonen dei har gjennom dei åtte siste rundane i sesongen.

Men det er lite som skil laga som ligg øvst på tabellen.

– Klarer vi målet vårt, har vi hatt ein bra sesong.

Laster innhold, vennligst vent..

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL