Hevdar reiarlaga håvar inn

Joachim Orvik, som står bak ferjeopprøret i Møre og Romsdal, meiner ferjereiarlaga driv god butikk på bekostning av passasjerane. Det skriv Aftenposten. I avisa kjem det fram at landets største ferjereiarlag, Fjord1, har auka overskotet frå 76 til 715 millionar før skatt på fire år. Dette har skjedd samtidig som billettprisane har auka kraftig. Administrerande direktør Dagfinn Neteland avviser at auka billettprisa er årsaka til overskotet.

Joachim Orvik i Protest mot auka ferjetakst
Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK