Hopp til innhold

Hevdar legane ville avslutte livet til ALS-pasient på sju dagars varsel

Familien til ein ALS-sjuk pasient i Ålesund hevdar legane gav beskjed om at respiratoren til faren deira blir skrudd av, trass i at faren ønskjer å leve.

Ålesund sjukehus

Dei pårørande til ein ALS-sjuk mann i Ålesund hevdar legane vil avslutte livet til ein mann som ønskjer å leve.

Foto: Ivar Eidheim / NRK

Det var torsdag sist veke dei pårørande blei kalla inn til eit møte med legar frå Ålesund sjukehus. Der skal dei ha fått beskjed om at respiratoren til den ALS-sjuke faren blir skrudd av i dag klokka 15. Det betyr at mannen dermed kjem til å døy.

Dette skal ha kome som eit sjokk på kona og dei to borna, som hevdar mannen ønskjer å leve og har gitt uttrykk for dette også etter at han blei kjend med legane si beslutning.

– Det at dei gir han ei veke til dødsdommen skal oppfyllast meiner vi er umenneskeleg og vi kan ikkje tenkje oss dei psykiske lidingane ein totalt hjelpelaus mann må gjennomgå no når timane tikkar mot fullending, skriv sonen i ein e-post til NRK.

Meiner faren har eit innhaldsrik liv

Mannen har vore avhengig av respirator for å puste i fem år. Trass i den krevjande behandlinga meiner dei pårørande at mannen har eit innhaldsrikt og verdig liv, er samfunnsengasjert, følgjer med på nyheiter og har stor glede av å høyre om livet til borna og eit barnebarn.

NRK har snakka med sonen og dottera til mannen, og begge er opprørte over den avgjerda som er tatt og stiller spørsmål ved om det er formelle feil i avgjerdsprosessen. Dei viser mellom anna til at dei ikkje skal ha fått informasjon om retten til å anke ei slik avgjerd.

Har utsett avgjerda

Fagdirektør Torstein Hole ved Ålesund sjukehus seier til NRK at han beklagar situasjonen som har oppstått og seier saka no blir behandla av Klinisk etisk komite på sjukehuset.

Torstein Hole

Fagdirektør Torstein Hole stadfestar at dei no behandlar avgjerda om å avslutte respiratorbehandlinga på nytt.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

– Det er heilt klart at kommunikasjonen ikkje har vore god nok med dei pårørande eller pasienten, seier han.

– Kan ein kome opp i ein situasjon der respiratoren blir skrudd av trass i at pasienten eller pårørande ikkje ønskjer det?

– Teoretisk kan vi det, men eg trur ikkje vi skal ende i ein slik situasjon, seier Hole.

I ein e-post til familien kjem det fram at avgjerda er utsett og «at det ikkje er aktuelt med avslutning av behandlinga før ein har hatt tilfredsstillande prosess».

Fylkeslege Karin Müller Mikaelsen seier til NRK at saka vil bli behandla hos dei, dersom Helse Møre og Romsdal står fast på avgjerda.

Helseminister Bent Høie

Helseminister Bent Høie (H) ønskjer ikkje å kommentere saka om respiratorpasienten i Ålesund.

Foto: Kåre Riibe Ramskjell / NRK

Helseminister Bent Høie (H) ønskjer ikkje å uttale seg om saka. Det gjer heller ikkje Olaug Bollestad (KrF), som er leiar i helse- og sosialkomiteen på Stortinget.

Vi gjer merksam på at sonen som uttalar seg i saka er tilsett i ein av redaksjonane i NRK.

Les også:

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL