NRK Meny
Normal

Hevdar ho blir forsøkt mobba vekk frå brannvesenet

Live Gandborg (34) hevdar fleire av dei mannlege kollegaene hennar i brannvesenet nektar å ta imot opplæring fordi ho er ung kvinne. No har ho sendt varslingssak til kommunen.

Live Gandborg

Branningeniør Live Gandborg (34) har bestemt seg for å kjempe for å behalde arbeidet sitt, og seier ho ikkje vil la kollegaene bruke det ho kallar hersketeknikkar for å få henne vekk frå brannvesenet.

Foto: Synnøve Hole

Live Gandborg var i slutten av 20-åra då ho blei tilsett som røykdykkar og deretter branningeniør i Hareid kommune. Ein del av jobben er å drive opplæring overfor sine mannlege kollegaer. Ho seier det har vore alt anna enn enkelt.

Dei toler rett og slett ikkje at ei kvinne seier dei imot eller har meir kunnskap om ting enn dei har, seier ho.

Hevdar ho har blitt mobba i to år

Gandborg hevdar ho har blitt mobba og trakassert av fleire av kollegaene sine, og at det har gått føre seg i to år utan at kommunen har stoppa det. Deler av tida har ho vore sjukmeld, og rett før helga gjekk ho til det steget å levere eit varsel til kommunen. Det tvingar kommunen til å gå grundigare inn i saka.

Ragnhild Velsvik Berge

Rådmann Ragnhild Velsvik Berge seier kommunen har gjort ein god del for å rette på forholda, men no vil gjere endå meir.

Foto: Arne Flatin / NRK

– Eg føler det har vore gjort ganske mykje, men vi får sjå kva meir vi kan gjere, seier rådmann Ragnhild Velsvik Berge.

Ho er lei for at Gandborg no har varsla kommunen formelt om saka. Det inneber mellom anna at saka no kjem opp i arbeidsmiljøutvalet torsdag.

– Arbeidsmiljø prega av uro

Bedriftshelsetenesta har tidlegare vore inne og vurdert arbeidsmiljøet i Hareid brannvesen og Stamina skriv i ein rapport at det er prega av uro og dårleg kommunikasjon, og at dette har ført til sjukmeldingar og at folk har slutta.

Fagforbundet, som representerer Gandborg, har også tatt opp saka med kommunen.

Endre Johan Ose

Hovudverneombod Endre-Johan Ose støttar framstillinga til den 34 år gamle branningeniøren. Han meiner kommunen ikkje har gjort nok for å rydde opp.

Foto: Arne Flatin / NRK

Hovudverneombod Endre-Johan Ose støttar den kvinnelege branningeniøren, og stadfestar at ei gruppe av dei mannlege kollegaene hennar ikkje vil ta imot opplæring av henne, fordi ho er ung kvinne.

– Så lenge du ikkje får utført jobben din på grunn av "sabotasje" syns eg det er litt graverande, sukkar Ose.

Han meiner kommunen ikkje har gjort nok for å hjelpe henne.

Sa opp jobben, men ombestemte seg

Gandborg sa førre veke opp beredskapsdelen av jobben i brannvesenet, og seier ho ikkje orka meir. Etter to dagar snudde ho, og bestemte seg for å ta opp kampen.

– Eg leverte oppseiinga fordi eg har fått nok. Men samtidig har eg ein viljestyrke som seier at dei ikkje skal få lov til å vinne, til å bruke metodar og hersketeknikkar til å få vekk ei kvinne frå brannvesenet. Det aksepterer eg ikkje at dei klarer, seier ho.

– Kjenner seg ikkje igjen i kritikken

Olav Helt Brubakk

Brannsjef Olav Helt Brubakk i Hareid er ikkje samd i at fleire av kollegaene til Gandborg nektar å ta imot opplæring av henne. Han karakteriserer saka som trist.

Foto: Arne Flatin

Jan Arild Bjåstad er tillitsvald for mannskapet ved Hareid brannvesen og seier han ikkje kjenner seg igjen i framstillinga til Gandborg.

– Det er milevis frå vår oppfatning. Eg kjenner meg ikkje igjen i det heile tatt, seier Bjåstad, og legg til at det berre er taparar i saka, ingen vinnarar.

Det same seier brannsjef Olav Helt Brubakk. Han kjenner seier han ikkje er samd i kritikken mot mannskapet, men vil elles ikkje kommentere saka.