NRK Meny

Hevdar han har blitt truga

Arbeidarpartipolitikar Einar Vaagland i Halsa hevdar han har blitt truga, og vil ha fritak frå sitt verv i kommunestyret. I følge Tidens Krav (krev innlogging) har det vore heftige debattar i kommunestyret etter vedtaket om å slå seg saman med Hemne og Snillfjord. Vaagland meiner det er ein ukultur i kommunestyret. Ordførar Ola Rognskog avviser kritikken.