Hopp til innhold

Hevdar babyen deira blei erklært død i juni

Foreldra til ein åtte veker gamal baby hevdar ein lege ved Ålesund legevakt erklærte henne død fire veker før fødselen. Fylkeslegen granskar no saka.

Babyen deira skal ha blitt erklært død

Det unge paret har allereie opplevd tre mislykka forsøk på å bli foreldre. Tidlegare i sommar trudde dei at dei kom til å oppleve det same på nytt.

Foto: Remi Sagen / NRK

Det unge paret frå Ålesund fekk tidlegare i sommar sitt førstefødde barn, og siste delen av svangerskapet blei heilt spesielt.

Dei hevdar ein lege ved Ålesund legevakt erklærte babyen død, fire veker før fødselen fordi han ikkje kunne å bruke det utstyret han hadde.

– Vi skjønte at det var noko då han begynte å seie "nei, dette er forferdeleg." Men det verste var då han viste til dei tidlegare svangerskapa mine, og sa «dette barnet er dødt». Det var det vi hadde gått og vore så redde for, seier den nybakte mora medan stemma brest og tårene trillar.

Foreldra ønskjer ikkje å stå fram med namn og bilde.

Tre mislykka forsøk

Paret har allereie opplevd tre mislykka forsøk på å bli foreldre. Heller ikkje denne gongen torde dei å tru at det kunne gå bra.

Om kvelden 4. juni køyrde dei inn til Ålesund legevakt. Den 20 år gamle kvinna hadde stikkingar i underlivet, og skulle ta ein urinprøve, for å avklare om årsaka kunne vere ein urinvegsinfeksjon.

Men legen ville også undersøkje mora med doppler, for å høyre hjarteslaga til barnet, og kontrollere at alt var bra. Men ifølgje foreldra var det ingen hjartelyd å høyre. Dei hevdar dette skuldast ukyndig bruk av utstyret og vidare at lgen då trekte feil konklusjon.

– Når ein seier «barnet ditt er dødt», så går det ikkje an å høyre feil, slår mora fast.

Baby i teppe

Den vesle babyen har blitt åtte veker, og foreldra er i ferd med å slå seg til ro med at alt har gått bra. Men dei meiner besøket hos legevakta tidlegare i sommar var svært kritikkverdig.

Foto: Remi Sagen / NRK

«Den kommunikasjonen du gir att, i tillegg til den faglege problemstillinga, viser manglande forståing og innsikt. Dette beklagar vi sterkt».

Ålesund legevakt

Kjenner seg ikkje igjen i framstillinga

Legen vil ikkje snakke med NRK sjølv, men kommuneoverlege Karsten Vingen seier legen nektar for at han erklærte barnet dødt. Han kjenner seg ikkje igjen i framstillinga til foreldra.

Men samtidig har kommuneoverlegen sendt eit brev til foreldra der han beklagar måten dei blei møtte på:

«Dette brevet viser klart at avsendar ikkje opplevde fagleg god konsultasjon ved Ålesund Legevakt om kvelden 4.6. Konkret belyser du både tvil om kompetanse, manglande erfaring ved bruk av utstyr og ein lite tryggande kommunikasjon».

Kommuneoverlege Karsten Vingen

Kommuneoverlege Karsten Vingen seier legen ikkje kjenner seg igjen i framstillinga til foreldra. Men kommunen har sendt brev til foreldra, der dei konkluderer med at dei ikkje opplevde fagleg god konsultasjon ved Ålesund legevakt.

Foto: Remi Sagen / NRK

Avslutningsvis skriv han også:

«Den kommunikasjonen du gir att, i tillegg til den faglege problemstillinga, viser manglande forståing og innsikt. Dette beklagar vi sterkt».

Fylkeslegen har no oppretta sak både mot legen og Ålesund kommune, for å undersøkje om dei har brote lova.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL