Hopp til innhold

Hobbyfotografen avviser at han pressa jentene

Den tiltalte «hobbyfotografen» avviste i retten måndag at han har brukt vald mot familiemedlemer. Han meiner også at fotograferinga av dei unge jentene skjedde frivillig.

Ferstad Loe

Bistandsadvokat Mette Loe og aktor Inger Myklebust Ferstad.

Foto: Terje Reite / NRK

Mannen hevda i retten i dag at dei unge jentene kom til han for å få teke friske bilete. Han avviste alle innspel om at han hadde påvirka dei.

I retten vedgjekk mannen at han har temperament. Men han avviste kategorisk at han hadde brukt vald mot den tidlegare sambuaren og sonen.

– Eg kjenner ikkje igjen at det skal ha hatt slike utslag som kom fram i forklaringa til den tidlegare sambuaren og sonen, sa den tiltalte.

Mannen er tiltalt for vald mot den tidlegare sambuaren sin og den eldste sonen sin. Han er også tiltalt for å ha teke bilete av unge jenter i seksualiserte situasjonar og for å ha befølt nokre av desse jentene. I tillegg er han tiltalt for å ha rusa seg på narkotika.

– Heftige diskusjonar

Den tiltalte stilte seg uforståande til dei aller fleste episodane som sambuaren og sonen fortalde om. Han vedgjekk likevel at han har temperament.

– Vi har hatt heftige diskusjonar. Men eg har ikkje slått, verken med flat hand eller knytta neve, sa den tiltalte.

Mannen avviste også at han har trua med å slå. Han avviste fleire episodar som den tidlegare sambuaren og sonen skildra. Han hevda at han var overarbeida, og at han ved ein episode hadde fått noko beroligande middel. Her vedgår han at det var ein episode der han hadde gått laus på inventar. Han avviste imidlertid at han var valdeleg mot nokon personar.

Mannen som står tiltalt for å ha fotografert 37 unge jenter i seksualiserte situasjonar vedgjekk ikkje straffskuld då saka mot han tok til Sunnmøre tingrett i dag.

Rettssaka mot hobbyfotografen starta i dag. Dommar Kirsti Høegh Bjørneset flankert av meddommarane.

Avviste innvendingar frå sonen

I retten forklarte sonen at han ikkje likte at faren tok bilete av folk han kjende og gjekk på skule saman med. Den tiltalte hugsa episoden, men avviser at han var valdeleg då.

– Eg sa til sonen min at det måtte vere opp til dei som ville bli fotografert om dei skulle bli det, forklarte han.

––Fotoshoot i forskjellige klesdrakter

Den tiltalte vedgjekk at nokre av bileta han har teke av unge jenter var «sexy». Men han avviste at bileta var seksualiserte ut over lovens rammer.

– Eg fotograferte også jenter i joggebukser. Der var garderobe. Dei kunne bli fotografert i kle som var der, og nokre blei fotograferte i klede dei hadde med seg. Det var eit vidt spekter, forklarte han. Og han la til at dette var ein aktivitet han ikkje la skjul på. Tvert om bad han jentene seie frå kven som var fotografen når dei lasta opp bileta i sosiale medier, forklarte han.

Mannen avviste fleire tilfelle av beføling av jenter, og avviste også fleire punkt om seksualisert ordbruk overfor dei unge jentene. I retten avviste han også all bruk av narkotika.

– Kom kanskje med idéar

I retten gav mannen media mykje av skulda for at jentene snudde seg mot han og gjorde fotoaktiviteten til noko negativt. Han seier at jentene var i fotostudio av fri vilje, og at kleda han la fram blei benytta av jentene av fri vilje.

– Eg ba ikkje jentene noko som helst. Eg kom kanskje med nokon idéar. Eg pressa ikkje nokon til noko av dette, sa han i retten.

I retten blei fotografen pressa på om det var hans ønskje som var retningsgjevande for måten jentene blei sjåande ut, eller om fotograferinga blei gjennomført etter jentene sine ønskje. Han blei særleg spurt om han blei tent av å få jentene til å kle seg i klede av latex.

– Eg tok utgangspunkt i ansikta, om dei kunne brukast til noko i fotosamanheng. Eg var ute etter å lage litt stilige effektbilete. Mange ville ha tøffe bilete. Eg hadde kostymer i studioet som ikkje var daglegdagse, forklarte tiltalte.

Mannen blei også pressa på om han «hjelpte» dei unge jentene med kostymane slik at dei skulle bli endå meir seksualiserte. Han blei mellom anna spurt om han stramma kostymane slik at det blei større fokus på kjønnsorgan enn det elles ville ha vore. Han stilte seg uforståande til dette.

Den tiltalte vedgjekk at han hadde lite kontakt med foreldra til dei unge jentene. Han fortalde også at han ikkje tenkte på at unge jenter burde ta opp fotoaktiviteten med foreldra. I retten kunne han heller ikkje hugse at han hadde anbefalt nokon av jentene å ikkje vise alle bileta til foreldra sine.