Hopp til innhold

Hevar sikringsnivået på hamneanlegg

Kystverket hevar det maritime sikringsnivået til nivå 2 for utvalde hamneanlegg. Det skriv dei på sine nettsider. Sjøfartsdirektoratet ber alle skip som skal til dei aktuelle hamnene om å førebu seg og aktivere tiltak. I Møre og Romsdal gjeld dette Tjeldbergodden, NorSea Vestbase Averøy og Kristiansund, Nyhamna gas plant. Dette betyr auka vakthald og kontroll av gods og personell. Alle hamneanlegg har i tillegg eigne sikringsplanar som blir sett i verk. Dermed vil nokre operasjonar ta lenger tid ved hamneanlegga, men aktiviteten vil i stor grad gå som normalt, opplyser Kystverket. Sikringsnivåa på hamneanlegg går frå ein til tre.

Nyhamna Aukra
Foto: Roar Strøm / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL