Hopp til innhold

Hevar farenivået for Mannen

Hastigheita har auka i det ustabile partiet ved fjellet Mannen i Romsdal. NVE aukar difor farenivået til gult.

Mannen

Det ustabile partiet i Mannen blir påverka av snøsmelting og varmare ver.

Foto: Sara Lovise Roaldseth / NRK

I mai starta det rasfarlege partiet å bevege seg igjen og gjennom juni har bevegelsen blitt større. Fredag bestemte NVE seg for å auke farenivået til gult nivå.

Partiet ved Mannen, som står i fare for å rase ut, er 180 000 kubikkmeter stort og truar både busetting, jernbane og vegen i Romsdalen. Då dette partiet bevegde seg på det raskaste i fjor, hadde det ein kort periode ei maksfart på 16 centimeter i døgnet, før det roa seg igjen.

I år har det vore varmare ver og bevegelsane har starta tidlegare.

No er bevegelsane på rundt 9 mm per døgn for eit mindre område av Mannen Dei øvrige delane har hatt mindre auke i hastigheita.

– At vi hevar farenivået betyr at det er litt større fare for skred, seier geolog Einar Anda.

LES OGSÅ:

Ingen evakuering

Dersom området med forhøga hastigheit utviklar eit skred, kan dette føre til eit større skred i fjellet.

NVE har fire farenivå. Gult nivå betyr at det er auka fare for skred. Ved heving til oransje nivå blir innbyggjarane som bur nærast fjellet evakuert.

– Foreløpig betyr ikkje den auka skredfaren så mykje for dei som bur i området, anna enn at ein på tenkje kva ein skal gjere på lengre sikt, derosm dette utviklar seg til eit høgare farenivå, seier Anda.

Det er meldt litt nedbør i området i helga og NVE fylgjer nøye med utviklinga.

Ventar de at hastigheita skal auke meir?

– Vi gjer ikkje nødvendigvis det. I fjor var det jamn hastigheit utover sommaren og så auka det meir på til hausten. Det kjem an på om det blir store nedbørsmengder, seier geologen.

Se utviklingen ved fjellet "Mannen".

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL