NRK Meny
Normal

Frykta ringorm-smitte på landbruksmesse

Dyregod-dagane i Gjemnes er eit av landets største landbruksarrangement, men hestane uteblir. Dei er smitta av ringorm.

Dyregod-dagene

Dyregod-dagene er eit av landets største arrangement i sitt slag. I år blir det ikke hester her, på grunn av ringormsmitte.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

I dag startar den sjette utgåva av Dyregod-dagane i Batnfjordsøra, og ein viktig del av landbruksmessa er dyra. Spesielt hesteriding er populært blant borna. Men i år er ikkje ein einaste hest til stades.

– Det har oppstått ringormsnitte i det hestemiljøet vi brukar, seier Odd Ingvar Torvik. Han er ansvarleg for husdyrgruppa på messa.

LES OGSÅ:

Held hestane heime

Dyregod-dagene

Hesteriding vart erstatta med traktorkøyring, og det var det mange som var godt nøgde med.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Arrangørane har vore i kontakt med fagfolk og Mattilsynet. Saman har dei funne ut at det er best å halde hestane heime i stallen. I fjor vart om lag 20 hestar brukt til riding og køyring.

– Både menneske og andre dyr kan bli smitta, og den risikoen vil vi unngå, seier Torvik.

Ringorm er ein soppinfeksjon i huda hos pattedyr. Også menneske kan bli smitta. Typiske symptom er eit lett kløande utslett, forma som ein raud ring.

Slitsamt å bli kvitt

– Det er ikkje vanskeleg å behandle ringorm, men i store besetningar av dyr kan det vere vanskeleg å bli kvitt, seier Geir Grønningsæter Hjul. Han er veterinær i Mattilsynet.

Medisinen er effektiv, men skal brukast i mange dagar og ein må vere svært nøyaktig. Det er også lett for at det bryt ut nye tilfelle, som ein ikkje oppdagar før det er gått ei tid. Han meiner arrangøreren av Dyregod-dagane er ansvarleg som kuttar ut hesteriding i år. På den måten unngår ein å smitte andre husdyr og menneske.

Gøy med traktor

For mange ungar er hestekøyring høgdepunktet på Dyregod-dagane, og difor har ein prøvd å finne ein alternativ aktivitet. Traktorkøyring fall i god smak hos fleire.

– Så lenge dei har traktor, så er det ingen problem, seier ein nøgd Mathias Hyllnes Hoem.

Les fleire nyhende her