NRK Meny

Herøy utset kantslått

Herøy kommune vil utsetje all kantslått til september. Bakgrunnen er initiativet frå 7.klassingane ved Bergsøy skule som er opptekne av å ta vare på humler og bier. Elevane og lærar Kaja Runde (bildet) utfordra nyleg kommunen og vegvesenet om å vente med kantslåtten til etter blomstringa, og fekk no positiv respons med kommunen.

Kaja Runde
Foto: Arne Flatin / NRK