Hopp til innhold

Herøy-ordførar hadde høgst inntekt

Ordførar i Herøy Arnulf Goksøyr (H) var den ordføraren som hadde størst inntekt i Møre og Romsdal i fjor.

Arnulf Goksøyr

Herøy-ordførar Arnulf Goksøyr (H) er den ordføraren som har tent mest i Møre og Romsdal i 2015.

Foto: Arne Flatin / NRK

Med ei inntekt på litt over 2,7 millionar er Goksøyr den ordføraren som tente best i 2015. Det er også ei klar inntektsauke frå 2014 då han tente rundt 750.000 kroner. Han har også fått ei tydeleg auke i formuen i løpet av det siste året.

Goksøyr var ein av dei som starta opp eit asylmottak i fjor haust. Mottaket stod lenge tomt og var berre i drift ei kort periode.

VG har tidlegare meldt at selskapet til Herøy-ordføraren, Christineborg Gjesthus AS, fekk rundt 11 millionar kroner av UDI for å drive asylmottak i tre månader. Prisen for ein plass låg i desember på 700 kroner i døgnet, uavhengig av om den blei brukt eller ikkje.

Christineborg hadde i perioden november 2015 til februar 2016 om lag 25 personar på lønningslista. Selskapet hadde 7 millionar kroner i omsetning i 2015, og eit overskot på 55.000 kroner.

Dette tente ordførarane

Også ordførarane i Giske, Molde, Volda og Eide hadde ei inntekt på over ein million i 2015. Den kvinnelege ordføraren som tente best var Ålesund-ordførar Eva Vinje Aurdal (Ap). Ho hadde ei inntekt på nesten 900.000 kroner.

Størst formue er det Molde-ordførar Torgeir Dahl (H) med 6,9 millionar og Eide-ordførar Egil Strand (H) med 6,75 millionar som har.

Dei andre ordførarane i Møre og Romsdal fordelte seg slik på lista over kven som hadde størst inntekt i fjor.

Ordførarar i Møre og Romsdal

Navn

Kommune

Inntekt

Formue

Skatt

Arnulf Goksøyr (H)

Herøy

2735615

1092206

856512

Harry Valderhaug (KrF)

Giske

1685029

2157498

612354

Torgeir Dahl (H)

Molde

1307837

6936301

591963

Jørgen Amdam (Ap)

Volda

1269729

579717

486839

Egil Strand (H)

Eide

1136009

6759211

461813

Arne Sandnes (Sp)

Norddal

961094

1947397

290848

Vebjørn Krogsæter (Sp)

Haram

923670

2192021

335223

Dag Olav Tennfjord (H)

Skodje

915484

0

413888

Eva Vinje Aurdal (Ap)

Ålesund

891072

0

353165

Lilly Gunn Nyheim (Ap)

Surnadal

864615

0

337689

Ståle Refstie (Ap)

Sunndal

830313

0

322095

Odd Helge Gangstad (Sp)

Midsund

822372

1275074

396376

Bernhard Riksfjord (Ap)

Aukra

816635

743190

321172

Stein Aam (Sp)

Ørsta

805543

2016561

333890

Knut Erik Engh (FrP)

Ulstein

794558

0

327145

Karen Simonnes Aanes (Ap)

Ørskog

785574

723169

273019

Lars Olav Hustad (H)

Rauma

764710

0

303298

Roger Magne Osen (Ap)

Smøla

757973

0

308036

Kjell Neergaard (Ap)

Kristiansund

740099

0

312594

Ola T. Heggem (Sp)

Rindal

739165

1138287

273938

Rolf Hurlen (H)

Nesset

720875

3571653

282924

Ingunn Golmen (Sp)

Aure

704523

364818

272739

Geir Inge Lien (Sp)

Vestnes

690516

0

275761

Tove Henøen (Sp)

Fræna

677758

0

253837

Eva Hove (Ap)

Stordal

676157

0

260692

Dag Vaagen (H)

Sande

671651

0

257183

Anders Riise (H)

Hareid

652851

3170945

274123

Knut Sjømæling (Sp)

Gjemnes

637172

0

221558

Ola Rognskog (Sp)

Halsa

633639

0

268177

Oddvar Myklebust (Ap)

Sandøy

618829

3043868

220896

Milly Bente Nørsett (Ap)

Tingvoll

549059

0

209878

Jan Ove Tryggestad (Sp)

Stranda

535334

0

231436

Lena Landsverk Sande (V)

Vanylven

471289

110604

165954

Odd Drotninghaug (Sp)

Sykkylven

470319

0

172438

Jim Arve Røssevoll (Ap)

Sula

411011

0

148788

Ingrid Ovidie Rangønes (Ap)

Averøy

347157

0

120435

Ekspander/minimer faktaboks

NB: Vi gjer merksam på at det kan vere feil i listene. Tala er baserte på førebelse skattetal frå Skattedirektoratet for året 2015. Tala kan innehalde feil som vil bli retta når klagehandsaminga er ferdig. Listene og utrekningane tar utgangspunkt i skattebetalarar med norsk postadresse.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL