Hopp til innhold

Herlig vått

Det er mange som kjøper seg kajakk.
Men det er få som lærer seg å bruke han. Eit kurs er bra for tryggleiken.

Video Herlig vått kajakk-kurs

Den må tole vatn som skal våge seg ut i kajakk. Men eit padlekurs hjelper mykje på..

Ein gjeng som har padla i mange år ønskjer å leire meir.

På Blimsanden på Vigra får dei verkeleg prøve seg.

Jill Remme

Jill Remme

Foto: Jannicke Farstad / NRK

- Til meir du padla til meir forstår du kor viktig det er med teknikk og det å kunne redde seg sjølv og andre. Og så får du baske litt i større sjø, fortel Jill Remme.

Kajakkurs

Torbjørn Nordeide instruerer

Foto: Jannicke Farstad / NRK

- Det er veldig mange som padlar rundt i mange år og ikkje er vande med å velte, og då er du ikkje trygg i kajakken, seier rettleiar Torbjørn Nordeide.

Og teknikk gjer deltakarane i stand til å padle i heilt nye farvatn, men dei er sugne på å lære meir.

Arne Fagerhaug

Arne Fagerhaug storkosar seg i kajakken.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

- Og så er det kjekt, veldig kjekt og veldig vått, seier Arne Fagerhaug.

Ute på havet er naturen meir lunefull og krev meir av ein kajakkpadlar enn inne i fjorden. Men å beherske det, kan gi nye og store opplevingar.