Om få år kan den musserande vinen du kjøper til 17. mai eller nyårskvelden kome frå garden Haula i Hjørundfjorden. Det blir i såfall frå verdas nordlegaste produsent av boblevin.
– Dette har eg drøymt om lenge. Først var det ein vill ide, men etterkvart blei det realistisk, seier Nina Viddal (44).
Flytta frå byen til fjordbygda
Trebarnsmora har budd og arbeidd i hotell- og restaurantbransjen i ålesundsområdet i årevis, og er profesjonell barista. Like før påske flytta ho til slektsgarden i Hjørundfjorden i Ørsta.
– Målet er å kunne drikke min eigen musserande vin i 50-års-laget mitt, ler ho.
Allereie frå hausten kan dei første vinplantane vere komne i jorda, og til neste vår håper ho å prøvesmake dei første boblande vindråpane.
- Les også:
- Les også:
Full støtte frå vinekspert
Ein ville kanskje tru at klimaet på Sunnmøre var alt for kaldt til vindrueproduksjon. Men sørover i Europa har for varmt og tørt ver skapt problem for vinbøndene, og fleire er i ferd med å sikre seg jord lenger nord.
– Eg syns det er kjempekult, stå på! For to år sidan hadde eg ikkje høyrt om musserande vin frå England, men no er det dette alle i bransjen snakkar om, seier vinekspert Ingvild Tennfjord.
Støtte frå Innovasjon Norge
Også Innovasjon Norge har tru på vinlaging i nordlege strok. Nyleg kunne Nina Viddal sjølv ta fram champagneflaska då ho fekk grønt lys for forprosjektet til "Fjordbobler". No har ho fått 240 000 kroner til å finne ut om ideen om sunnmørsk boblevin kan realiserast. Håpet er å få tak i britisk eksperthjelp, for å finne ut om det er mogleg å dyrke vindruer på Viddal.
– Ønskedraumen er å kunne leve av dette, og skape noko som er interessant for ungane mine å ta over, seier ho.
Tilhørt familien i hundrevis av år
Det bur ikkje meir enn 12 fastbuande på Viddal, og ingen driv lenger med kjøtproduksjon. Garden til Nina Viddal har truleg tilhøyrt slekta bakover i 600-800 år, og heilt fram til for ti år sidan satsa dei på kyr. 44-åringen seier det er viktig å prøve å skape noko nytt.
– Nokre ristar på hovudet og ler litt høfleg, men andre syns det er kjempekult. Stort sett har eg fått berre positive tilbakemeldingar, seier ho.
- Les også:
Trur fleire kjem til å følgje etter
Vinekspert Ingvild Tennfjord meiner ideen om produksjon av musserande vin i Hjørundfjorden er framtidsretta, og at global oppvarming har ein dramatisk innverknad på verdas mest kjende vinregionar akkurat no.
– Dette skaper heilt nye mulegheiter for vindyrking i England, Danmark, Sverige og Noreg, seier ho.
– Kva med skeptikarane?
– Blås i dei, køyr på, eg kjem gjerne opp og smakar! seier Ingvild Tennfjord.