Hopp til innhold

Her skulle det vore skirenn

Denne veka skulle Todalen få besøk av representantar frå det internasjonale forbundet til randonee (ISMF) for å bli vurdert til å halde verdscup. Men slik blei det ikkje.

Kårvatn i Todalen

I dette området er det vanlegvis store mengder snø, men slik er det ikkje no.

Foto: Gudmund Kårvatn

Garden Kårvatn ligg øvst i Todalen, og grensar opp mot Oppdal og Sunndal kommune. Mykje av eigedomen ligg innanfor verneområdet for Trollheimen.

Der har det vore randonee-renn sidan 2010. Arrangørane hadde håpa at rennet i år fekk besøk av inspektørar som kunne seie at rennet skulle bli eit World Cup-renn frå neste år av. Men vinteren har ikkje gitt nok snø til å arrangere renn. Dermed er alt sett på vent – i alle fall i eitt år.

Håper på verdscup

Gudmund Kårvatn er ein av initiativtakarane bak å få verdscup i randonee til Todalen.

– Vi skulle få besøk av det internasjonale forbundet for å sjå at vi gjer det bra nok til å arrangere verdscup i åra som kjem, seier Kåtvatn.

Målgangen for rennet ville vore like bortanfor brua som ein sei på biletet. Traseen går normalt opp og ned lia i bakgrunnen.

– Det er nesten slik at ein må flire. Vi er absolutt ikkje vant til snøfrie markar på denne tida av året

Gudmund Kårvatn

Han fortel at randonee er noko vi har drive med i mange år her i fylket og elles i landet. «Randonee» er eit fransk ord som betyr å gå på fjelltur. I denne sporten går ein på føtene opp og renn ned igjen på ski så raskt som mogeleg.

– Vi har no ein vinter utan snø, og ein må opp til 700 meter over havet for å finne snøflekkar. Det er utruleg spesielt for oss, seier Kårvatn.

– Det er nesten slik at ein må flire. Vi er absolutt ikkje vant til snøfrie markar på denne tida av året.

Aldri vore så nære som no

Initiativtakaren fortel at dei måtte sei nei til det internasjonale randoneeforbundet. Men dei gir ikkje opp.

– Vi veit at det vil kome nye år med mykje snø, så vi er ikkje uroa over at vi aldri får arrangere verdscup. Vi har aldri vore så nær verdscup som no, seier Kårvatn.

Kårvatn har stor tru på dette, og eit engasjert og ivrig idrettslag står bak draumen om verdscup.

– Eg er sikker på at vi får ein ny sjanse.