NRK Meny
Normal

Her vert Trollstigen opna for sesongen

TROLLSTIGEN/RAUMA (NRK.no): Trollstigen vart opna rekordtidleg klokka 08.00 torsdag. Lite snø og is i fjellet er hovedårsaken til den tidlige åpningen.

8. mai klokka 08 opna vegen over Trollstigen. Det er det tidlegaste på 23 år.

Trollstigen

Her tek byggeleiar Roar Vikhagen i Statens vegvesen bommen til sides. Trollstigen er opna for sesongen.

Foto: Frode Berg / NRK
Johannes Stokke

Johannes Stokke var førstemann opp Trollstigen.

Foto: Frode Berg / NRK
Laster Twitter-innhold

Fremst i køen ved bomen sto motorsyklist Johannes Stokke.

Eg er glad for endeleg å kunne køyre Trollstigen igjen. Her har eg køyrt mange gonger, sa han i det han passerte bommen.

Johannes Stokke fortel at han såg på nettet at Trollstigen skulle opnast, og tok turen tidleg for å kunne køyre på opningsdagen.

Det er artig å vere nummer ein opp til toppen. Og i fjor var eg nummer to, fortel han.

Køyrde eins ærend

Johannes Stokke tykkjer det er stas å vere tidleg ute. Han bur på Eidsnes i Sula, men køyrer ofte i Trollstigen, berre for turen si skuld.

– Det er spesielt å køyre på opningsdagen. Det er ein flott tur. Og her er eg mange gonger i løpet av sesongen, fortel han.

Oppe på toppen var det feiring like etter klokka 8 torsdag morgon.

– Ja her er det blautkake og velstand. Dette er gode greier, seier Stokke mens han et siste biten av kaka.

Turistsjef Hilde Gråberg Bakke er svært fornøgd med at Trollstigen endeleg har opna for året.

Turistsjef Hilde Gråberg Bakke er i perlehumør på opningsdagen til Trollstigen.

Sommaropning Trollstigen

1990

12. mai

1991

8. mai

1992

27.mai

1993

28.mai

1994

20.mai

1995

28.mai

1996

24.mai

1997

6. juni

1998

15.mai

1999

14.mai

2000

26.mai

2001

21.mai

2002

23.mai

2003

28.mai

2004

29.mai

2005

1. juni

2006

23.mai

2007

23.mai

2008

27.mai

2009

20.mai

2010

28.mai

2011

13.mai

2012

1.juni

2013

22.mai

2014

8.mai

2015

13.mai